Erling Aalvik frå Kvam Lsk gjekk inn til ein sterk tiandeplass i kamp med store deler av verdseliten under sprintrennet laurdag på Sjusjøen. Sundag vart det 15. plass på fellesstarten og sjette beste nordmann. Til avisa HF seier Erling; – At eg er fjerde beste nordmann på sprinten, er eg sjølvsagt særs nøgd med, seier 23-åringen.
Me gratulerer Erling med flott start på sesongen!