Jarand, Solveig og Hedda på renn i Myrkdalen i 2016

Helga 28. og 29. januar arrangerer Ulvik IL krinsmeisterskap i både klassisk stil og fristil på Drevtjørn skisenter. Kvam LSK har pekt ut desse to renna som fellesrenn der me freistar å reise mange i lag. Me inviterer alle unge medlemmar i klubben til å vera med på fellesrenn der me har fokus på å hjelpe kvarandre med køyring, smørjing/smørjetips og løypegjennomgang. Skirenn skal vera sosialt og gøy for både vaksne og ungar!

Renna startar kl. 13:00 begge dagane, og det vert konkurrert i både jente- og guteklassar frå 8 år (ein kan og melda seg på i 8 årsklassen om ein er yngre) og opp med rangering frå 11 år. Krinsmeistarar vert kåra frå og med 13-årsklassen.

Har du/de lyst å bli med? Det er veldig kjekt å delta og det er fine premiar i vente. Me arrangerer felles avreise frå parkeringsplassen framfor Tunet i Øystese kl.10:30. Ta kontakt med Thor-Arvid Pedersen på e-post (toffis@icloud.com) eller telefon (932 04 417) om de har spørsmål om rennet eller trengs tips til smørjing.
Sjå lenkje for meir informasjon om rennet klikk her.

Me vonar mange nye og kjente fjes vert med på renna på Ulvikahøga 🙂

Påmelding kan du gjere via Minidrett innan onsdag, 25. januar kl.23.59. Ta kontakt med Thor-Arvid på e-post om du treng bistand med å melda på. Det er også mogeleg å melde på løparar på renndagen innan kl.1200. Når du loggar deg på MinIdrett så klikkar du på påmelding, skriv inn «Ulvik» i søk-feltet og vips der kjem rennet fram. Vel utøvaren din(e) og meld på. Klubben dekker påmeldingsavgifta!

Vel møtt!