TMB-29 (1)
Kvam LSK har mange aktive medlemar og utøvarar. I sommar vil me ta ein prat med dei i klubben som verkeleg satsar på idretten sin. 24-åringen Erling Ålvik har i fleire år vore med på forbundslag, men denne sesongen skjer satsinga gjennom det private skiskyttararlaget Team Mesterbakeren. Vi har teke ein prat med han!

Andre utøvarar i denne intervjuserien har vore Sindre Gjøsæter og Kristin Sande.

Kva bygd kjem du frå? Kor bur du no?
Eg kjem frå Ålvik og bur på Lillehammer. Budde 3 år på Geilo under vidaregåande kvar eg gjekk på toppidrettsgymnas. Dei siste 4 åra har eg budd på Lillehammer.

Kor lenge har du heldt på med skiskyting?
Eg har heldt på med skiskyting i 14 år.

Kva krins-, team- og/eller landslag har du vore med på i din skiskyttarkarriere?
Fram til eg var 16 år var basen min Sjusete og lagkameratane i Kvam LSK var dei eg trente med. Då eg var 16 år flytta eg til Geilo for å gå på NTG som då blei mitt ‘’team’’ før eg siste året på NTG Geilo fekk plass på juniorlandslaget. Der var eg i 3 år før eg fekk plass på rekruttlandslaget kvar eg også var i 3 år. Dette året er eg på Team Mesterbakeren som er Noregs fremste privatlag.

TMB-24
Korleis var det å gå på eit toppidrettsgymnas?
Det å gå på ein skule kor fleire av verdas beste skiskyttarar som Bjørndalen, Skjelbreid, Flatland og Hafsås har gått var fyrst og fremst utrulig inspirerande.

Det var eit spennande møte med kvardagen på Geilo når eg flytta for meg sjølv uvitande om det harde men også morosame treningsarbeidet. Eg fekk ein realitetsjekk allereie den fyrste dagen kvar me skulle ut på ein kombinerande sykkel- og staketur som skulle vare opp til 5 timar. Etter 2 timar på sykkelen kjente eg krampen begynne å komme i beina og måtte slite med det den neste timen kor ein etter ein sykla forbi meg då eg streva med krampen. Heldigvis skulle det stakast den siste halvanna timen, men kroppen var så utsleten at eg så vidt kom til mål. Når eg kom tilbake på hybelen same dag, med smerter i heile kroppen, skjønte eg kva som måtte til for å bli best. Det gjor meg motivert!

På NTG Geilo lærte eg utrulig mykje både om skiskyting og meg sjølv som person, viktigast kva verdiar eg ønska å ta med meg vidare i livet. Det var veldig kjekt å jobbe med så ressurs sterke og motivert trenarar og trene med andre elevar som var like motivert som meg. Det har gjort mykje med å gjere meg til den utøvaren eg er i dag. NTG på Geilo vil eg anbefale alle som ønsker eit trygt, lærerikt og inspirerande miljø for å bli så god som mulig i skiskyting!

Kva er dine beste resultat hittil i karrieren?

  • Gull, junior VM stafett 2012, 2013
  • Bronse, junior VM stafett 2010, 2011
  • 3, 4 og 6. plass individuelt IBU cup
  • 6.plass junior EM, jaktstart
  • Sølv NM stafett

Korleis var siste sesong?
Sist sesong starta veldig bra med 10 og 12. plass på opningsrennet som henholdsvis som 4. og 5. beste nordmann. Helga etter leverte eg mitt beste resultat internasjonalt med 3. plass på sprint i Svenske Idre. To veker etter det leverte eg mitt beste renn meiner eg sjølv med 6. plass på Jaktstarten i Italienske Ridnaun kvar eg gjekk meg opp 15. plassar med 19 treff og ein solid sisterunde. Etter ei bra jul med mykje god trening følte eg at kroppen ikkje var like ‘’fresh’’ som før jul og kroppen fungerte dårligare og dårligare for kvart renn. Til slutte blei eg parkert av lege min i to veker på sofaen. Eg kom meg til hektene igjen til NM i slutten av sesongen utan dei store resultantane. I ettertid har eg funne ut at eg har hatt eit virus i kroppen, mest sannsynleg kyssesjuka.

TMB-9

Kor og kva treningsmiljø trenar du i no?
No er eg på Team Mesterbakeren. Me er 6 utøvarar kor 5 stk. bur på Lillehammer. Me trenar dagleg saman med oppfølging av trenar som også bur på Lillehammer. Dette er vår fordel kontra eit rekrutt- og elitelag. Eg har også mulighet til å trene med fleire på Lillehammer som er ein plass dei fleste som vil satse skiskyting flyttar til.

Korleis finansierer du skiskyttarsatsinga?
Eg finansiere satsinga mi ved hjelp av sponsormidlar og god hjelp frå mine foreldre som er mine størte støttespelarar.

Kva er målet for sesongen 2016/2017?
Målet for sesongen er:

  • Stabilisere meg i toppen av IBU cup (topp 10)
  • Gå worldcup
  • Forbetre meg med 30 sek mot dei beste i verden i sporet
  • Ha ein skyteprosent på 90% ++

Kva er det raskaste du har skutt ned alle ned i ein serie?
Det raskaste eg har skutt på trening utan puls er 8,0 sek. Det er tida eg brukar på skytematta: gå på matta, av med våpen, sette i magasin, skyte ned alle, på med børsa og hoppe av matta. Kanskje tida er raskare då tidtakinga er ganske uoffisiell. Det er også ein uoffisiell verdsrekord! Denne serien ligg på min instagram. I konkurransesamanheng har eg skutt på 5,3 skund (som også er ein uoffisiell verdsrekord) frå fyrsteskudd til sisteskudd med ei mattetid på 16 sekund.

TMB-4

Kva idrottar dreiv du med som born og ungdom?
Dreiv mykje med fotball frå 7. til 10. klasse. Dreiv også med litt friidrett. Har alltid vert glad å vera i aktivitet både i og utanfor konkurranse.

Når bestemte du deg for å verta god i idretten din?
Eg var faktisk eigentleg ikkje så interessert å sjå skiskyting på TV fram til eg var 15 år, og eg brydde meg mest det eg dreiv med sjølv og kva eg syns var kjekt. Eg var i aktivitet heile summarane utan noko organisert trening fram til eg var 15 år, men syns det var utrulig kjekt å konkurrere og trene på ski på vinteren. Eg bestemt meg egentlig aldri for ‘’no skal eg bli god’’. Det kom meir naturlig. Men no i det vaksne liv er eg veldig klar på at viss eg skal holde på med skiskyting skal det vera 100 % og eg skal syns det er kjekt og eg skal vera motivert for å trene best.

Kva tips har du til unge utøvarar i Kvam LSK som ønskjer å verta gode skiskyttarar eller langrennsutøvarar?
Det tar som oftast lang tid til å bli god i skiskyting og langrenn. Gode eksemplar på det er Tora Berger og Martin Johnsrud Sundby som begge har vært/er best etter at dei har fylt 28 år. Så det å være tolmodig og tenke langsiktig er viktig. Men det like viktig å trivs og syns det er artig å holde på. Dersom lysten til å bli god er der, er det berre innsatsen det står på.

Kva er ditt største mål for karrieren?
Mitt aller største mål for karrieren er komme til vintersesongen å vere 100% fornøgd med treninga eg har gjort sidan forrige vinter i tillegg då få ut mitt fulle potensial. Om det er godt nok til å bli best i verden vil vise seg. Men det hadde vert ekstra stas å vere best i verden over tid med VM- og OL titlar.

TMB-14