Etter planen skulle Kvam LSK allereie ha gjennomført fleire ordinære serierenn i langrenn, men grunna mangel på snø har dette vorte utsatt. Men, endeleg kom snøen, og onsdag 12. februar kunne klubben gjennomføre eit ekstraordinært serierenn som vart varsla 2 dagar i forvegen.

62 deltakarar i alle aldrar stilte til start i flotte og nypreparerte løyper. Leiar Sverre Lindøy i Kvam LSK er veldig nøgd med at så mange tok turen til Sjusete på så kort varsel. I tillegg stilte fleire opp som dugnadsarbeidarar for å få gjennomført rennet.

Vel gjennomført av samtlige, og velkomen til neste serierenn i langrenn som går av stabelen 2. mars.

Resultatliste, deltakarliste og bilder frå rennet finn ein her:

Resultat frå serierenn 12.02.20

Serierenn 12.02.20 4-10 år

Mange spente born er klare til start, presis klokka 18.15.

Ronja Måkestad og Synneva Laupsa Mo er spente og klare før dei skal ut i skiløypa.

Lisa Grøtt (t.v.), Sander Høgenæs Laupsa (nr 43) og Timre Mo Vines (nr 42) ventar på at startskuddet skal gå.

Sjølv om det snøa godt ved start var det opphaldsver og stjerneklart under sjølve barnerennet.

Sverre Lindøy og Guri Høgenæs Bergesen stilte gladleg opp på dugnadsarbeid, og hadde stålkontroll på tidtakinga.

Håvard Ølmheim på veg i mål

Sofia Høgenæs Laupsa (t.v.) og Gustav Høgenæs Laupsa er klare til start.

Lukas Utskot gjer alt dei siste metrane før mål.

Jørgen Måkestad (t.v.) og Emil Østebøvik er glade for at det endeleg vart serierenn, og er klare for start.

Lars Laupsa (t.h.) var blant dei yngste deltakarane, og gjennomførte rennet med stor stil. I fylgje Lars var det mest spennande av alt å sjå trakkemaskina passere i skiløypa. Til venstre er mor Bodil Eide Laupsa.

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter