14 løparar frå Kvam Lsk deltok under Bendit Liatoppen Skiskytter-festival på Ål i helga. Veret var som vanleg særs bra, løypene flotte og standplass imponerande organisert. Når støtteapparatet i tillegg var med og sytte fø at løparane hadde solid support og heia-gjengen gol ut «heia-heia-heia» etter kvart som løparane våre fôr forbi – ja, då hadde både store og små det som plomma i egget.
Det var mange supre prestasjonar. Fyrst og fremst var det kjekt å sjå på innsatsen og gleda som «fyrstereisgutane og -jentene» låg for dagen(e). Asgaut Laupsa Mo, Trym Gatueplass Skår og Sara C. Fykse var alle med for fyrste gong med Thea Øymo Mælen som «veteran» i
laget med å vere med for andre gong. Flotte prestasjonar frå dei litt større også. Bildet til venstre viser plasseringane til alle 14 løperane. Særs gode plasseringar på Ingvild Lilletveit Kvåle, Anders Aalvik Stranden, Hanna Børve og Sindre Gjøsæter. Ingvild vart nr 4 begge dagar og sundag var ho berre 9 sekundar frå sigeren. Anders vart nr 14 laurdag. Hanna hadde si beste dag på laurdag då ho gjekk inn til ein sterk 7. plass. Sindre gjorde to solide løp. 20. plass laurdag og 16. plass på fellesstarten sundag. Sundag var han berre 51 sekund bak vinnaren. Flotte løp gjorde alle dei andre løparane frå Kvam Lsk også. Me var stolte foreldre som fekk med oss dette flotte arrangementet.Takk for fylgje og velkomen att til neste år. Då håper me at endå fleire vert med – det er eiskle moro på Ål som dei «innfødde» seier!
Komplette resultat finn du her