Kva bygd kjem du frå? Kor bur du no?
Eg kjem frå og bur i Øystese, men flytter til Geilo i august.
Kor lenge ha du holdt på med skiskyting?
Har vert i miljøet sidan eg var knøtt fordi brødrane mine dreiv på. Har konkurrert i skiskyting i om lag 10 år.
Kva krinslag og team har du vore med på i din skiskyttarkarriere?
Eg har vore med eit år på Team Gla’laks. Til hausten er vert eg ein del av NTG Geilo.
Gleder meg ekstremt til å byrja på NTG. Det er eit knallbra miljø og det kryr av gode utøvarar og trenarar. Så detta vert bra 🙂
Kva er dine beste resultat hittil i karrieren?
3.plass av om lag 70 startande på Norges cup i Stryn sist vinter er mitt beste renn. Ikkje langt frå seier i det rennet (to kantbom).
Korleis var siste sesong?
Sist sesong var god. Med ein 3.plass og 10.plass som beste plasseringar i Norges cup, må eg seie meg fornøgd. Gjennom sesongen blei litt for mange dårlige renn, så eg er ikkje 100% fornøgd. Måla mine klarte eg , som var å komme blant topp 30 samla i Norges cup (blei nr.18) og ein pallplass.
Korleis trenar du i barmarkssesongen?
I barmarkssesongen trenar eg mykje mengde, men og ein del hardt. Eg spring mykje, mykje rulleski både skøyting og klassisk , brukar sykkel og ein del.
Korleis finansierer du skiskyttarsatsinga?
Satsinga blir finansiert av mamma og pappa mykje. Eg brukar også sjølv ein del pengar. På skiutstyr er eg sponsa av Madshus.
Kva er målet for sesongen 2016/2017?
Målet for sesongen 2016/17 er å bli stabil på topp 10 i NC/NM. I tillegg hadde det vert kult med fleire pallplassar.
Når eg var yngre spelte eg fotball og handball i nokre år, samt skiskyting.
Når bestemte du deg for å verta god i idretten din?
Bestemte meg sikkert når eg var 2år for å bli skiskyttar. Når eg var 14 år slutta eg med fotball for å få 110% fokus på skiskyting.
Kva tips har du til unge utøvarar i Kvam LSK som ønskjer å verta gode skiskyttarar eller langrennsutøvarar?
Tren variert i ung alder, men når du blir eldre må du prioritera skiskyting/langrenn framfor til dømes fotball for å bli aller best.
Kva er ditt største mål for karrieren?
Mitt største mål er å komme på landslaget i skiskyting. Når du er på landslaget til Noreg er du automatisk blant verdens beste.!