Hedda Høen Mo med ny diamant for 10 treff!

Vik IL arrangerte laurdag 20. januar Gla’laks cup nr.5 sprint i skiskyting. 6 utøvarar frå Kvam LSK i alderen 10-16 år hadde teke turen til Vik skisenter.

I klassen for gutar 10 år og yngre nybyrjar deltok Torje Laupsa Mo og Eskil Høen Mo. Begge to skaut fullt hus og hadde god fart i sporet!

Asgaut Laupsa Mo fekk 9 treff og enda på ei flott 2.plass i klassen for gutar 12 år! Hedda Høen Mo har verkeleg fått dreis på skytinga denne sesongen og fekk diamant andre helg på rad etter 10 treff. Jentene i klassen 12 år har god fart i sporet og Hedda enda på ein fin 5.plass!

Trym Gauteplass Skår låg bra plassert etter fyrste skyting, men etter 5 bom på 2.skyting enda det med 6.plass i klassen for gutar 13 år. Anders Aalvik Stranden har enda på 2.plass dei siste renna i Gla’laks cupen og under dagens sprint var det delt 2.plass med Eirik Hjartnes frå Hålandsdal IL berre 3 sekund bak Erling Finden frå arrangørklubben Vik IL.

Resultatliste

Bilete:

Torje Laupsa Mo på veg inn mot mål!

Asgaut Laupsa Mo ut frå skyting!

Hedda Høen Mo ut frå skyting!

Trym Gauteplass Skår i fint driv!

Pallen i klassen for gutar 16 år.

Asgaut Laupsa Mo med 2.plass i klassen for gutar 12 år!

Full pall i nybyrjarklassen!

Eskil har stiller opp på bilete 🙂

Nils Eivind Stranden og Anita Aalvik med ei velfortent kaffipause!

Sigve Mo og Torgrim Skår måtte sjekke mobilen 🙂

Trym Gauteplass Skår og Anders Aalvik Stranden