Utøvarane frå Kvam LSK og noko sysken! (Foto: Silje Laupsa Mo)

Snøforholda på Sjusete regna vekk og fredag ettermiddag vart det bestemt at Gla’Laks 4 vart avlyst og nr 3 vart flytta til Voss.

Kvam LSK stilte mannsterke med både utøvarar og funksjonærar. Ei stor takk til alle som bidrog.

Isak Børve stilte opp i tidtakarbua (Foto: Anita Aalvik)

105 utøvarar deltok og 15 av dei var frå Kvam!

Me gratulerer Anders Aalvik Stranden M17 med ein flott 2. plass, Asgaut Laupsa Mo G13 og Torje Laupsa Mo G11 med kvar sin fine 3. plass.

Anders Aalvik Stranden klar til start i 17-årsklassen! (Foto: Anita Aalvik)

Eskil Høen Mo, Henrik Mo Seljebotn og Vinjar Voster alle G11, Hedda Høen Mo J13, Andrea Sørheim Almeland Nyb J13-16 og Trym Gauteplass Skår G14 gjorde også gode løp.

I nybyrjar G10 var Kvam lsk representert med 6 av 10 deltakarar: Lars Lieungh Langeland, Jakob Aarekol Botnen, Hans Rykkje, Anved Tombre Soldal, Viljar Botnen og Vijus Vencius. Flotte løp av heile gjengen.

Resultatliste

Silje Laupsa Mo og Terje Langeland bidrog som premieutdelarar! (Foto: Anita Aalvik)

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter