OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Stor jubel for Kvam Lsk under avsluttinga på Sjusete i kveld

I dag inviterte me til det snart årlege Biletlotto-med-noko-attåt-rennet. Av alle ting vart rennet arrangert samstundes med avslutting for sesongen for alle born og unge som har vore med på skitrening i vinter. Då fellesstarten smalt, gjekk dei 12 laga hardt ut i løypene. Laga fann dei 5 postane og halsa inn til mål der dei måtte gjenskape bileta dei hadde tatt i åsyn rundt omkring i løypa. Laga måtte ôg opp til praktisk prøve i erteposekasting frå skibrua. Alle kom vel til mål og leverte sterke prestasjonar. Ja, ein skulle nesten tru at noko hadde brukt klister for å få ein betre klisterhjerne. Alle dei 55 ungane og like mange vaksne benka seg etter kvart i skistova. Her var det «fri-stove» og godsakene vart langa inn i høgt tempo. Det var god glid i praten og stemninga var rett og slett «høg-fluoristisk». Ein kjekk avslutting med ein stor og flott gjeng. Velkomen att til hausten og neste sesong!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Rennleiar Kristin Gjøsæter informerer om løyper og oppgåve

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Teodor Græsdal Pedersen, Endre Berg Leiren, Kjersti Berg Leiren og Sigmund Leigland Njaa løyser oppgåvene i lag

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Jarand Valland Tveit i full konsentrasjon på lag med Johanna Mo og Tor Jervell

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dette er ei kjekk avslutting!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Solid benking i skistova

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det gjekk mykje brus, smoothie og anna godsaker

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Høg likar-faktor ved dette bordet!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her er med i lag – store og små. Me er eit lag – Kvam Lsk!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Delt 2. plass til Vilde Lunde Aalvik, Gaute Øymo Mælen, Sara C. Fykse og Tor Børve Rasmussen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nok ein 2. plass til Johanna Mo, Ingvild Lilletveit Kvåle, Tor Jervell og Jarand Valland Tveit

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vinnarane av det STORE Biletlotto-med-noko-attåt-rennet 2015 vart Jonas Øvsthus, Eirin Tufteland, Jonas Ølmheim og Vebjørn Kveberg Opsanger – Gratulerer!