Konnerud IL arrangerte 11-13. januar fyrste runde i Noregscup i langrenn for junior. Kvam LSK deltok gjennom helga med fire utøvarar.
I klassen for menn 17 år deltok Tobias Græsdal Pedersen for fyrste gong i Noregscupen. Han hadde slitt med sjukdom dei siste vekene og var usikker på om det vart konkurranser på han i det heile. Han fullførte både 10 km fristil fredag (159.plass), sprintprolog laurdag (85.plass) og 10 km klassisk sundag (166.plass). Formen var ikkje tilstede etter ein del sjukdom dei siste månadene, men har var nøgd med gjennomføringa av renna tross alt.
Skiskyttarane Hanna Børve og Sindre Gjøsæter deltok på fredagens distanserenn i fristil der Hanna imponerte med 25. plass blant langrennsjente i klassen 18 år på den 5 km lange sløyfa. Sindre enda på 128. plass i klassen for menn 19-20 år på 10 km.
Ingmar Leigland Njaa deltok på distanserenna i klassen menn 19-20 år der over 230 utøvarar deltok. På fredagens 10 fristil enda han på 136. plass. Sundagens 20 km klassisk enda med 126. plass.
Flott av alle saman!