Kristian Botnen på veg inn til mål etter 10 km med jobbing!

Sundag 8. januar reiste 9 utøvarar frå Kvam LSK til Vargarrennet i fristil på Voss ski- og tursenter. Dette var årets første krinsrenn i fristil og fleire utøvarar sesongdebuterte på renn.

Brattbøane stilte med 4 stk. på startstreken og dei slo godt ifrå seg der Ingrid kom på 2.plass i klasssen for jenter 14 år. Brødrene Sigmund og Ingmar Njaa gjekk inn til henholdsvis 10.plass i klassen gutar 14 år og 4.plass i klassen menn 18 år. To blad Pedersen fekk da tungt på sitt første renn for sesongen! Det var knytt stor spenning til Kristian Botnen (35 år) sitt comeback i seniorklassen, og han kniva lenge med Gudmund Skjeldal, men vart slått med to sekunder i mål og enda på ein 13.plass i den 21 mann store seniorklassen 🙂

Resultat

Tobias Græsdal Pedersen jobba på i sitt første 5 km renn!

Teodor Græsdal Pedersen trøkte på så kreftene heldt!

Tungt etter målgang for Kristian Botnen!