Komande søndag, 3.november, arrangerer Kvam LSK nok ein gong bytedag for skiutstyr. Bytedagen er i multisalen/foajeen på Norheimsund skule kl. 17-19. Då har du sjansen til å byte, selje og kjøpe brukt skiutstyr og skiklede. Gjeld både langrenn og alpint! Ta deg ein tur i boden for å finne ut kva du ikkje treng lenger, og om det er noko du treng!

Kvar einskild står sjølv ansvarleg for salet. Kvam LSK stiller med lokale, bord, storleikstabellar og utstyr for prising.