
Foto: Jostein Auganæs
To kvemmingar representerer Kvam langrenn og skiskytterklubb i 3 runde av Lerøy Cup Senior. Skiskytterane sin Norges Cup som føregår på Lygna.
Malin Auganæs Bergtun hadde god fart i sporet og med ni (av ti) treff på sprinten, vart det edelt metall på Bergtun. 26 sekund bak vinnaren. Bergtun seier sjølv ho hadde ein god dag i sporet og er ganske fornøgd med skytinga, men uttrykkjer at ho er litt irritert på at det vart ein bom på ståande skyting. Klubben er veldig imponert og gratulerar så mykje med ein fantastisk flott bronsjemedalje.
Klubbvenninne Hanna Børve leda sprinten, men etter sprekk på ståande skyting datt Børve desverre eit stykke ned over lista. Men, ho seier i same setning «Ny sjanse i morgon».
Klubben ynskjer lukke til i morgondagens sprint.
Resultat: Lerøy Cup 3 Senior Sprint (eqtiming.com)