
13 utøvarar frå Kvam LSK stilte til start! Frå venstre: Tomas Græsdal Pedersen, Ådne Kjosås, Eirik Brattabø, Jarand Valland Tveit, Marta Mo, Jonas Hauger, Sondre Brattabø, Teodor Græsdal Pedersen, Vilde Lunde Aalvik, Ingrid Brattabø, Jone Valland Tveit og Tobias Græsdal Pedersen (Kristin Brattabø ikkje tilstades)
I klassane gutar/jenter 8-10 år deltok Kristin Brattabø, Tomas Græsdal Pedersen, Eirik Brattabø og Ådne Kjosås i den 1 km lange traséen. Alle gjekk på med full trøkk og gjennomførte flotte løp!
Jarand Valland Tveit gjekk ut som ein kanonkule og kom i mål til ein god 4.plass i klassen for gutar 11 år berre 4 sekund bak 3.plassen! Sondre Brattabø fortsatte der han slapp under laurdagens klassiskrenn og enda på delt 2.plass i klassen for gutar 12 år berre 6 sekund bak vinnaren. Teodor Græsdal Pedersen kom i mål 48 sekunder bak vinnar i same klassen og enda på ein flott delt 9.plass. Godt jobba alle tre i den 2 km lange løypa!
13 og 14 årsklassen gjekk 3 km og Kvam LSK stilte med 4 utøvarar på denne distansen. Marta Mo starta i J13-klassen, men måtte dessverre bryte grunna ei skade. Ingrid Brattabø og Vilde Lunde Aalvik deltok i J14-klassen. Ingrid holdt høgt tempo og kom inn på sølvplass berre 5 sekunder bak vinnaren, mens Vilde kom på 6.plass. G14-klassen deltok både Jonas Hauger og Jone Valland Tveit. Det gåes fort i denne klassen og Jone hamna på 10.plass 01:03 bak vinnaren, mens Jonas kom på 12.plass 01:45 bak fyrsteplassen. Bra jobba av alle 5 i ein hard 3 km løype.
Tobias Græsdal Pedersen deltok i G15-klassen som gjekk 5 km. I denne klassen er det tett i tet, og med 55 sekund opp til vinnaren enda Tobias på ein fin 7.plass. God innsats!
Bra så mange vart med på krinsrenn i dei fine løypene i Ulvik denne sundagen!
Bilete frå rennet: