Kvam LSK med 6 lag og glade skiløparar på Ørnarstafetten 2016

Når Kvam LSK reiser på stafett er breddeidrett og glade skiløparar i fokus! Klubben reiser for å DELTA med flest mogleg lag og skiløparar i alle aldersklasser (2009 og eldre), vaksen som ung 🙂 

Held av datoen og meld dykk på eit lag. For dei som nyttar Spond ynskjer me at melder borna på der, men de kan også melde på til Thor-Arvid Pedersen via e-post toffis@icloud.com. Dette vert kjekt 🙂 

Klubben set saman lag når påmeldingsfristen ril rennet kjem. De kan også komponere lag sjølve etter reglane under lenkja under, men då må de gi beskjed om samansetning av laget innan onsdag 17. mars.

Me har allereie byrja å få påmeldte til følgjande lag:

Gutar 13-16 år – 3 stk.
Jenter 13-16 år – 1 stk.
Gutar 11-12 år – 3 stk.
Gutar 8-10 år – 5 stk.
Jenter 8-10 år – 1 stk.
Menn senior – 1 stk.

Det vert mest mogleg felleskøyring og vi hjelper kvarandre med smurning og løypegjennomgang. Etter rennet vert da eit felles måltid på Vangen.

Jarand Valland Tveit, Solveig Hansen og Hedda Høen Mo hadde da kjempekjekt på Ørnarstafetten 2016 🙂

Meir info om sjølve rennet på skikrinsen sine nettsider – http://www.skiforbundet.no/hordaland/langrenn/terminliste-langrenn-hordaland/arrangement/?eid=306106