Om det var BKK som fekk oppfylt sitt ynskje om å auke fyllingsgraden i magasina sine, eller om det var andre årsaker som låg bak det fuktige været under dagens Bulkarenn, er uvisst å vete. Renn vart det og 11 Kvam Lsk-løparar trossa været og gjekk så vatnet spruta i løypene på Bulken. Rennet var ôg krinsmesiterskap i fristil.
Krinsmeister fekk med i J13 år der Ingrid Brattabø gjekk inn til siger føre Nora Hermine Mørner Slethaug frå Fana IL. Eirin Tufteland tok 3. plassen i J16 år medan Tobias Græsdal Pedersen skøyta seg inn til 6. plass i den store G14 års klassen. Han var 27 sekunder etter vinnaren, skiskyttaren Eirik Hjartnes frå Hålandsdalen. Krinsmeisterskapet er for 13 år og eldre.
Kjekt å sjå at fleire yngre Kvam Lsk-løparar heiv seg med i dette rennet. Gratulerer alle saman! Under finn du resultat og ikkje minst nokre flotte bilete!
Klasse |
# |
Kvam Lsk-løpar |
Tid |
J8 år |
Kristin Brattabø |
Fullført |
|
G8 år |
Eirik Brattabø |
Fullført |
|
G8 år |
Torje Laupsa Mo |
Fullført |
|
G9 år |
Ådne Kjosås |
3:50 |
|
G10 år |
Asgaut Laupsa Mo |
4:00 |
|
G11 år |
3 |
Sondre Brattabø |
5:48 |
G11 år |
4 |
Teodor Græsdal Pedersen |
5:50 |
G11 år |
10 |
Brage Mo Vines |
6:36 |
J13 år |
1 |
Ingrid Brattabø |
8:32 |
G14 år |
6 |
Tobias Græsdal Pedersen |
7:34 |
J16 år |
3 |
Eirin Tufteland |
15:09 |