Kvam LSK startar opp basistrening i Øystese idrettshall onsdag 7.september. Basistrening er allsidig og morosam trening av heile kroppen.
Klubben har to salar frå kl.18.00-19.00 der dei som er fødd i 2004-2008 trenar i sal 1 med Oddvin Aksnes. Treninga i sal 2 er for dei som går på ungdomskulen og eldre (inkludert foreldre/vaksne) saman med instruktør Thor-Arvid H. Pedersen.
Føremålet med basistrening er å utvikle grunnleggjande ferdigheter, kvaliteter og eigenskaper som verkar inn på din kapasitet i den aktiviteten/idretten du ønskjer å verta god i. Basistrening vil gi deg ein allsidighet som er skadeførebyggjande, den kan hjelpe deg til å betre prestasjonen i ein aktivitet/idrett, og sist, men ikkje minst gjere at du tåler meir trening.
Du vert med andre ord «trent for å trena». Basistreninga til Kvam LSK fokuserer på både styrke, stabilitet og balanse, samt at vi utover hausten vil dra inn meir spesifikk trening mot det å gå på ski.
Kvam LSK vil ha ei treningsavgift på kr. 500 for alle som er med på treingane. Denne vert fakturert når treningane er ferdig til jul.
Vi oppfordrar både born, ungdom og vaksne til å bli med!