94 ungar som fyller 6-8 år er påmeldt til årets skileik i regi av Kvam LSK.  Torsdag 19.januar møtte dei fleste av desse opp til årets første skileik i regnvéret på Sjusete. Om lag 20 instruktørar tok seg av ungane gjennom fleire poster i området ved og rundt skihytta. Dei siste dagars regnver hadde herja godt deler av området, men dette satt ikkje ein stoppar for ungar med stor skiglede 🙂

Både under og etter skileiken var det ope kafé i skihytta. Vaflar gjekk ned på høykant!