Sundag 21. januar arrangerte Vik IL Gla’laks cup nr.6 i Vik skisenter. Kvam LSK deltok med 6 utøvarar. For klassane 13-16 år var det fellesstart på programmet.
Anders Aalvik Stranden skaut fullt hus på standplass under fellesstarten og kunne med god fart i sporet krysse mållinja fyrst i klassen gutar 16 år! Gratulerer! Trym Gauteplass Skår hadde god fart i sporet og sjølv med to bom på kvar skyting enda han på 2.plass i klassen for gutar 13 år!
Asgaut Laupsa Mo enda på 6.plass i klassen for gutar 12 år med ein litt dårlig dag på standplass, mens Hedda Høen Mo på 5.plass i klassen for jenter 12 år med 9 treff!
I nybyrjarklassen for gutar 10 år og yngre deltok Torje Laupsa Mo og Eskil Høen Mo. Begge to skaut godt med høvevis 9 og 10 treff, og hadde god fart i sporet!
Fleire bilete: