Skiskyttarane frå Kvam Lsk har i helga gjort til ein vane å vere mellom dei tre beste under Gla’Laks Cup’en i Vik. I dag vart det siger til Hanna Børve i J15 år og Ingvild Lilletveit Kvåle i J13 år. Anders Aalvik Stranden tok eit steg ned frå laurdagen til ein 2. plass i G14 år. 3. plassar vart det til Trym Gauteplass Skår i G11, Vilde Lunde Aalvik i J13 år og Eirin Tufteland i J16 år. Me gler oss over gode prestasjonar. Resultatlista finn du her.