Sindre i Markane Stryn

Ein stolt Sindre i mål til pallplassering i NC.

To kjempeløp av Sindre Gjøsæter og Malin Auganæs Bergtun under Noregscupen i skiskyting på Ullsheim Skiarena i Stryn. Det var litt klur med skyteresultata og dei er jo relativt viktige uansett og spesielt under normalprogram. I kveld kom dei offisielle resultata og me er stolt over å kunne sei at Malin og Sindre sikra seg kvar si 3. plass. For Sindre sin del den fyrste pallplassen, men sikkert ikkje siste i NC. Sindre skaut godt og fekk berre 3 bom, medan Malin nøgde seg med 4 bom. Kristin Sande gjekk seg inn til ein 17. plass etter 7 bom. Me gratulerer!

I morgon er det sprint på programmet i Stryn.

Resultata finn du her