Det er tett i sprint!


Laurdag 25. februar arrangerte Kvam LSK Kvammasprinten i langrenn. 82 deltakar frå 11 år og oppover frå fjern og nær deltok i prolog og finaler i tett snødrev på Sjusete.

På heimebane deltok 17 utøvarar frå Kvam LSK der klubben stakk av med 11 pallplassar og 5 klassesigrar med Jarand Valland Tveit (G11), Teodor Græsdal Pedersen (G12), Marta Mo (J13), Ingvild Lilletveit Kvåle (J14) og Gaute Øymo Mælen (G14). Flott jobba av alle 17!

For at eit så flott arrangement skal vera mogleg å dra i hamn må me takka alle 20 som stilte velvilleg opp som funksjonærar!

Resultatliste frå rennet

Bileteserie:

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter