2015_03_01 Birgit, Kristin og Malin

Birgit, Kristin og Malin kan sjå attende på ein flott sesong!

Kvam Lsk har mange dyktige utøvarar. Ei av desse er Malin Auganæs Bergtun som gjorde eit flott løp under Norgescup-finalen i Sirdal i helga. I sjølve finalen gjekk ho seg inn til ein solid 9. plass i kvinner 18 år. Ho var 1:12 etter vinnaren Kristina Skjevdal frå Røros IL. Samanlagt i Norgescup’en enda Malin på 14. plass med 107 poeng. Kvam Lsk si Birgit Lilletveit Kvåle deltok ikkje under finalene i helga. Ho vart nr. 29 i Norgescupen med 28 poeng i klasse kvinner 19 år. Lista med poeng i Norgescup’en finn du her