Tor og Malin vinner pokalerMåndag, 31. mars stilte heile 40 deltakarar på startstreken til avsluttingsrenn i løp og løpeskyting. Då vart leiaren i klubben særs stolt. Stolt over at me er ein klubb med så stor interesse for det me driv med – langrenn og skiskyting. Folk kom ens ærend frå Bergen, Voss og andre langveisne plassar for å bli med på avslutting av sesongen. Det var stor og god gammaldags stemning i Skistova etter rennet med utdeling av premier og servering av godsaker. Tusen takk til alle som deltok og tusen takk til alle funksjonærane som gjorde rennet mogeleg. Bilete viser vinnarane av skytepokalane for Gutar og Jenter 13 år og eldre: Tor Børve Rasmussen og Malin Auganæs Bergtun