Kvam LSK gjentok bragden under søndagens Gla’laks cup og krinsmeisterskap i skiskyting med mange pallplassar. Under sundagens sprintrenn deltok Kvam LSK med 9 utøvarar der klubben drog i land 3 klassesigrar og krinsmeistrar. Hanna Børve (J16) og Ingvild Lilletveit Kvåle (J14) vant som på laurdag sine klassar og vart krinsmeistrar. Anders Aalvik Stranden vann klassen for gutar 15 år og vart dermed også krisnmeister. Elles vart det pallplassering for Eirin Tufteland 2.plass i K17 og Vilde Lunde Aalvik med 3.plass i J14. Elles deltok også brødrene Torje og Asgaut Laupsa Mo og syskenparet Hedda og Eskil Høen Mo. Super innsats av alle!