97 skiskyttarar gav seg i kast med KM normal i skiskyting på Sjusete i dag. Det var snø i lufta, men lite vind ga like tilhøve for alle. Kvam Lsk stilte med heile 18 løparar og me fekk 3 krinsmeistre. Ingvild Lilletveit Kvåle sigra i J13 år, Anders Aalvik Stranden i G14 år og Hanna Børve i J15 år. Hanna var ei av to løparar i 13 år og eldre som skaut feilfritt og vart då Diamantvinnar. Me gratulerer!
Flotte løp av dei andre 15 løparane Kvam Lsk-løparane også. Pallplass vart det på Trym Gauteplass Skår (nr. 3 i G11), Mari Børve Rasmussen (nr. 3 i J12), Gaute Øymo Mælen (nr.3 i G13), Vilde Lunde Aalvik (nr. 2 i J13) og Sindre Gjøsæter (nr. 2 i M17). Gode løp i tillegg av Thea Øymo Mælen (nr 4 i J11), Randi Gravdal (nr. 8 i J12) og ikkje minst Tor Børve Rasmussen som vart nr. 4 berre i G15 år 4 sekund frå pallplass.
Det «aulte» med Kvam Lsk løparar i den yngste klassen – dei som er yngre enn 11 år. Her fant me fleire debutantar i krinsløp som til dømes Isak Botnen, Eigil Hildonen-Teigland, Frede Gravdal, Jonas Ølmheim og Thea Aarrestad Fykse i tillegg til dei meir «røynde» løparane som Asgaut Laupsa Mo og Hedda Høen Mo. Gratulerer alle saman med flotte løp!