GlaLaks Vik Fellesstart J15

Fellestart J15 er i gang – Hanna Børve heilt til venstre.

3 Glad’laks fyrste, 2 andre og 3 tredje plassar er faciten til 8 Kvam Lsk-løparar etter dagens krinsrenn i skiskyting i Vik i Sogn. Alle utøvarane på sigerspallen må jo vere rekord! Rennet var ôg krinsmeisterskap i fellesstart, og Kvam Lsk fekk dermed 3 krinsmeistre – Sindre Gjæsæter i M17 år, Anders Aalvik Stranden i G14 år og Ingvild Lilletveit Kvåle i J13 år. Me gratulerer!

Mogelegvis det kjekkaste og flottaste resultatet stod Eirin Tufteland for i J16 år. Ho skaut feilfritt for fyrste gong i eit krinsrenn og vart dermed Diamantvinnar. Endeleg klarte du det, Eirin – me gratulerer og er so glad på dine vegne! Gratulasjon også til Hedda Høen Mo som gjekk sitt fyrste krinsrenn i det flotte været i Vik – hurra!

GlaLaks Vik premieutdeling J16_redigert

Eirin Tufteland vart diamantvinnar i Vik

Resultata finn du her