Ingvild og Hanna

Ingvild til venstre og Hanna til høgre sigra i VM

Ingvild Lilletveit Kvåle i J13 og Hanna Børve i J15 gjekk til topps i Vestlandsmeisterskapet i skiskyting over normal distansen på Voss i dag. Det var flott og kaldt vær i Herresåsen og Ingvild tok sigeren føre Hedda Carlsen frå Fana IL. Hanna gjekk eit framifrå løp og med berre ein bom var ho heile 3.14 føre Maria Haugse Rød frå Hålandsdalen IL på andre.

I alt var det 156 løparar frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre som deltok. 12 av desse var frå Kvam Lsk. Det vart sylvmedalje på Malin Auganæs Bergtun i K19 og bronse på Sindre Gjøsæter i M17. Eirin Tufteland gjekk eit godt løp i J16 og var fattige eitt sekund frå pallen og måtte soleis nøye seg med den kjeisame 4. plassen. Tor Børve Rasmussen sesongdebuterte med eit godt løp til ein 7. plass i G15. Verken Anders Aalvik Standen, Vilde Lunde Aalvik eller Mari Børve Rasmussen fekk det ikkje heilt til på standplass, og då vart den ein 11. plass til Anders, ein 8. plass til Vilde og ein 15. plass til Mari. I dei yngste klassene gjekk Trym Gauteplass Skår i G11 eit knalløp inn til 2. plass. Sara C. Fykse traff bra og vart nr. 11 til slutt i J11 medan Asgaut Laupsa Mo i G10 nybegynnar skaut feilfritt og gjekk eit flott løp sjølv om han hadde naglabeit. I morgon er det sprint.

Resultata finn du her

IMG_8480

Hanna på toppen av pallen

20160116_162443

Ingvild på toppen av pallen

20160116_161555

Trym smiler om kapp med sola etter 2. plass

20160116_151957

Hanna mot mål pg til siger

20160116_151414

Tor Børve Rasmussen har godt driv mot mål

20160116_151154

Eirin har fart over bakketoppen

20160116_145144

Ingvild kort tid før mål

20160116_143828

Vilde er klar til start

20160116_142631

Anders inn mot stadion

20160116_133806

Asgaut klurer med å få staven på etter skyting

12583621_1544134605897035_52646983_n

Hanna viser stolt fram diplom og medalje og Isak er særs nøgd med systo