Sundag deltok 93 skiskyttarar i Gla’laks cup nr. 6 i skoddo på Sjusete. Tilhøva i løypene og på standplass var likevel framifrå etter iherdig innsats frå løypekjørar Asgaut Valland og alle dei andre funksjonærane. 12 åringane og dei yngre gjekk sprintprogrammet, medan det var krinsmeisterskap fellesstart for 13 åringane og eldre. Det var faktisk fyrste gong at det har vore arrangert fellesstart i skiskyting på Sjusete. Starten gjekk på myræ og så gjekk løparane inn i 1 km løypa, opp kring «storasteinen» og vidare ut over i løypenettet. Rennet vart prikkfritt gjennomført og tilreisande frå heile Hordaland og deler av Sogn og Fjordane let vel om arrangementet.
Kvam Lsk fekk to krinsmeistre i fellestart. Hanna Børve i J16 år og Eirin Tufteland i K17 år. Det vart 2. plass til Ingvild Lilletveit Kvåle og 3. plass til Vilde Lunde Aalvik i J14 år. Anders Aalvik Stranden klarte ikkje å fylgje opp laurdagens flotte siger. I dag vart det 5. plass i G15 år.
Dei yngre løparane gjorde det også særs bra. Trym Gauteplass Skår tok ein suveren siger i G12 år etter feilfri skyting og Hedda Høen Mo ein sterk 2. plass i J11 år. Asgaut Laupsa Mo vart nr 10 og David Skåre Døssland nr. 12 i G11 år medan Øyvind Hildonen Teigland gjekk seg inn til 6. plass i G12 år. Stor applaus til dei aller yngste der Frede Gravdal, Eigil Hildonen Teigland, Torje Laupsa Mo og Eskil Høen Mo alle ga det dei hadde og gjekk gode løp i løypene på Sjusete.
Me vil ôg retta ein stor takk til alle foreldre og friviljuge som var med som funksjonærar og gjorde renna i helgen til flotte arrangement og god reklame for Kvam.