OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Full fart på Sjusete

Det 5. og siste serierennet i langrenn samla 91 deltakarar. Det var klassisk stilart og Mo Sport rigga seg til med utendørs smørebu og smurte ski til den store gullmedaljen. Stor takk til Arve og Geir for sporty innsats.

I år har me hatt heile 152 deltakarar på serierenn – 36 fleire enn i fjor. Interessa for og rekrutteringa til langrenn er på topp i Kvam. Raskast av alle vart Ove Måge på 13:32 føre Ståle Leiren 13:44. Blant kvinnene var det Johanna Mo som gjekk snøggast med tida 15:59. Me takkar alle løparar, føresette og friviljuge for knallbra innsats! Bilete frå serierennet finn du på Facebook. Klikk her