Måndag 23. januar skipa Kvam LSK til årets fyrste serierenn i langrenn. Heile 117 skiløparar frå 4 år til og 69 år deltok på fristilrennet. Om dette ikkje et rekord så er me ikkje langt unna iallefall! 88 stk. hadde meldt seg på via internett, men når alle 117 startnr skal hentast på 30-45 minutter så vart da dessverre ein del kø og starten vart noko forsinka. Dette ordnar seg neste gong når alle har startnr frå før.
Nytt av året er at me under fristilrenna har ein eigen løype for langrennscross der ungane under 10 år deltek utan tidtaking. 58 born i alderen 4-9 år drog seg igjennom den noe reduserte crossløype (lite snø i terrenget på Sjusete for tida) med stor entusiasme 🙂 Dette skal me gjer fleire gonger.
9 vaksne deltok i Open klasse 2 km der ein ikkje vert rangert! Noko mindre enn på sitt beste i 2016, så me utfordrar foreldre og besteforeldre til å delta neste gong. Seniorklassen for menn som talte 11 løparar vart vunnen av Kristian Botnen med tida 12:27 med Ove Måge 13 sekunder bak. Jonna Valland tok 1.plassen i kvinneklassen med tida 15:27 med Mirjam Eide Gravdal 22 sekunder bak.
Neste serierenn i langrenn vert 6. februar i klassisk stil. Vel møtt!