
Eirik Brattabø er klar til start!
Siste renn av i alt 5 serierenn i langrenn vart arrangert på Sjusete i kveld med rekorddeltaking. 104 smilande og nøgde løparar tok ut i både fristil og godstil. Ein kunne spore ein ekstra iver og giv etter å nå rundt løypene på best mogeleg vis. Rennet var og Kvamma-meisterskap i langrenn. Ein flott kveldstund og flott punktum for ein flott sesong med renn på Sjusete.

Flotte premiar venta dei yngste deltakarane i mål

Det er kjekt når innsatsen i løypa vert kruna med saft og premie i mål!

Stor stemning i målområdet

Sissel Aase Børve langar ut mot mål

Stolte 11 åringar. Frå venstre: Mari Børve Rasmussen, Marta Mo, Randi Gravdal og Andrine Kjosås

Vebjørn Kveberg Opsanger jublar over sigeren!

Veteranane Ivar Rise og Per Øyvind Tveiten visar ekte idrettsglede