I ettermiddag var det klart for det 4. serierennet i langrenn. 101 store og små løparar hadde perfekte tilhøve i løypene på Sjusete. Det gjekk rett og slett hylande i sporet. Raskast av alle var 17 år gamle Sindre Gjøsæter som gjekk 5 km på 12:04 og var over minuttet føre nr. 2 Ove Måge frå Strandebarm. Eit veldig bra løp av Sindre om enn litt bak «banerekorden» til Erlend Drivenes frå i fjor på 10:50 på endå skarpare føre. Best av kvinnene var Joanna Valland med 15:24 føre 16 åringen Eirin Tufteland som fekk tida 16:01. Siste serierenn i langrenn er 14. mars, og rennet er også Kvammameisterskap i klassisk. Då vert det premiering for serierenna – velkomen!