Laurdag 18. januar vart Røldalsrennet arrangert som krinsrenn på Korlevoll skistadion på Seljestad. Rennet skulle eigentleg vore gjennomført 4. januar men vart utsatt på grunn av dårlege snøforhold.
På dagens renn deltok Teodor Græsdal Pedersen. Han var den einaste som representerte Kvam LSK og vann sin klasse; Gutar 15 år. Totalt var det 4 deltakarar i klassen, og Teodor kom i mål 31 sekundar framfor nr 2.
Teodor gjekk 5 km klassisk på tida 20:58 i snøvær, og seier han var storfornøyd med sin eigen innsats.
Klubben gratulerer Teodor med innsatsen, og ein flott 1. plass!
For å sjå heile resultatlista kan du sjå den her.
Teodor Græsdal Pedersen i aksjon under Røldalsrennet, og han kom på 1. plass i sin klasse. Foto: Thor Arvid Hagen Pedersen.