Vinteren er her!
Skileik for born fødde i 2021, 2020 og 2019
Skileik 2027 – Fargegrupper, rotasjon, instruktørar og foreldrehjelparar
Kvam LSK startar på med skileik for born født 2021, 2020 og 2019, rett over nyttår. Borna vert delt inn i grupper etter alder.
Skileiken føregår på skistadion på Sjusete i perioden januar – mars.
Føremålet med skileik er å skapa skiglede for dei yngste borna, som legg gode grunnlag for vidare skiglede.
Som instruktørar og foreldrehjelparar brukar me engasjerte og skiglade foreldre. Ta gjerne kontakt med kontaktperson, om det er foreldre som vil vera instruktør denne sesongen. Me treng fleire!
Send styret ei melding viss du ikkje ynskjer at bornet ditt skal bli tatt bilde av.
Startdag for skileik vil komma.
Tidspunkt: Torsdag klokka 17.30 – 18.30
Stad: Sjusete
Pris: 150kr
Skitrening vinteren 2026/2027 – for born fødde frå og med 2018
Me håpar på snø denne sesongen og Kvam LSK inviterer til skitrening for dei som er fødde frå 2018 og eldre. Skitrening er stort sett det samme som skileik, men for dei som er over 8 år. Alle er velkommen uansett nivå, på treningane blir det gradvis øvelsar som er tilpassa utvikling.Ungdomsgruppa er for 2014 og eldre. Her er det berre nye som treng melda seg på.Me har klassisktrening tirsdag og skøytetrening torsdag. Klassisk trening kan høyrast krevande ut for mange foreldre. For dei minste går det fint om dei har eit ski par til begge deler, men om de ynskjer å ha to og ha det enkelt er skin ski eit tips til klassisk.Gruppene set me opp når me ser kor mange som melder seg på. Tirsdag og Torsdag 18:30-19:30. Det er fullt mulig å kun delta 1 av dagane. Målet er oppstart etter jul, men det kan verta litt ut i januar.Me set påmeldingsfrist til 18 desember, men det er mogleg å melda seg på heile sesongen.I 2026/2027 sesongen er skitrening gratis.Ta kontakt om noko er uklartOg ein viktig ting til slutt, me treng fleire trenarar, berre å melda seg.Mvh Sverre Olav Botnen. 952 67 651
Kvam LSK – skitrening for borna fødd 2014 til 2018 | iSonen
