OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Sondre, Brage og Teodor og fleire med dei treng dyktige trenarar!

9. november arrangerer Kvam Lsk trenarkurs for noverande og komande trenarar for born opp til 12 år. Treningsleiarkurs i Langrenn er utarbeida av Norges Skiforbund og det er vår eigen dyktige trenar Tom E. Halvorsen som er kurshaldar. Dette er eit lærerikt og relevant kurs som vil sette deg i god stand til å meistre rollen som trenar i klubben. Gode trenarar er avgjerande for å skape skiglede blant born og unge. Her kan du vere med å bidra til å vidareutvikle eit godt treningsmiljø i klubben. Nedre aldersgrense er 16 år for å delta på kurset. Meir informasjon og påmelding finn du her: 2015_11 Kurs treningsleiar langrenn