Skitrening 2024https://club.spond.com/landing/courses/kvamlsk/1682EB32FE7245FCB3C0A68A861CF422
Me håpar på snø denne sesongen og Kvam LSK inviterer til skitrening for dei som er fødde frå 2015 og eldre. Skitrening er stort sett det samme som skileik, men for dei som er over 8 år. Alle er velkommen uansett nivå, på treningane blir det gradvis øvelsar som er tilpassa utvikling. Ungdomsgruppa er for 2011 og eldre. Her er det berre nye som treng melda seg på. Me har klassisk trening tirsdag og skøyte trening torsdag. Klassisk trening kan høyrast krevande ut for mange foreldere. For dei minste går det fint om dei har eit ski par til begge deler, men om de ynskjer å ha to og ha det enkelt er skin ski eit tips til klassisk. Gruppene set me opp når me ser kor mange som melder seg på. Tirsdag og Torsdag 18:30-19:30. Det er fullt mulig å kun delta 1 av dagane. Målet er oppstart etter jul, men det kan verta litt ut i januar. Me set påmeldingsfrist til 18 desember, men det er mogleg å melda seg på heile sesongen. I 2024 sesongen er skitrening gratis. Ta kontakt om noko er uklart Og ein viktig ting til slutt, me treng fleire trenarar, berre å melda seg. Mvh Håkon Arne Laupsa. 950 89 749