Sjusete, vinter og skileik er ei tradisjon som heng tett saman. Me tar mål av oss å få i gang tilbodet om skileik, men me er i beit for leiarar og instruktørar. No treng me hjelp!
Skileik på Sjusete er eit stort arrangement. Med kring 100 born på ski er det trong for ein god del instruktørar, både vaksne og ungdom. Pr i dag manglar me 1 eller 2 som kan ta hovudansvaret for arrangementet i tillegg til 5 vaksne og 5 ungdomar som kan bidra som instruktørar. Kunne du tenke deg å bidra anten som leiar eller instruktør? Ta kontakt med Thomas Mælen på mobil snarast og gjerne innan 11. desember. Kontaktinfo til Thomas er: mobil 920 51043 og e-post: tmaelen@gmail.com
Om du sjølv ikkje har høve, er det flott om du tipsar oss om andre som kan bidra. Send gjerne informasjonen vidare i ditt nettverk.
NB! Om ikkje me lykkast med å rekruttere nok instruktørar, må me diverre skrenka inn tilbodet på Skileik 2015 til å gjelde skuleborn i 1. til 2. klasse.
Nokre opplysningar om Skileik:
- Skileiken vert arrangert på Sjusete tysdagar kl 18-19.
- Instruktørar må møte 45 min før oppstart for å klargjere for leiken
- Fyrste dag vil vere tysdag, 20. januar og vil gå over 8 tysdagar til saman.
- Det er laga eit godt opplegg for skileik og me gir opplæring for alle instruktørane