Skileik 2023
Kvam LSK tilbyr skileik på Sjusete kvar vinter. Skileiken føregår i perioden januar – mars. Skileik er for born i alderen 5 – 7 år. Borna vert delt inn i grupper etter alder. Formålet med skileik er å skapa skiglede for dei yngste borna, der fokuset er å leggja eit godt grunnlag for å kunna vidareutvikla seg på ski seinare. Instruktørar er skiglade foreldre og andre. Øvelsane føregår på skistadion.
Send styret ei melding viss du ikkje ynskjer at bornet ditt skal bli tatt bilde av.
Tidspunkt: Torsdag klokka 18.00 – 19.00
Trykk på lenkja for påmelding i Spond: https://club.spond.com/landing/courses/kvamlsk/B9F62B1E317B420386E69145F85A0520