Siste nytt

Klubbkolleksjon og klubbkveld 31.oktober

Tysdag 31. oktober held Kvam LSK klubbkveld på Mo sport kl.18:00-20:00. Der kan ein prøva og bestille klede frå årets nye klubbkolleksjon, som er sterkt rabattert BERRE denne kvelden (sjå vedlegg for meir info og prisar). Mo Sport vil og ha...

Sal- og bytedag skiutstyr!

Sundag 29. oktober held Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb sals- og bytedag for brukt skiutstyr og skiklede. Gjeld både langrenn og alpint! Har du brukt utstyr som andre kan ha glede av, bør du ta turen for å selja eller byte bort dette. Ein må sjølvsagt koma om berre...

Resultat klubbrenn rulleski 23. oktober

Måndag 23.oktober arrangerte me klubbrenn på rulleski. 13 stk. deltok på ein ny variant der me starta på den nyasfalterte parkeringsplasssen. Etterpå var det gratis saft/kaffi og bollar til både deltakarane og dei vaksne. Raskast i den lengste løypa var vossingen...

Me gjer oss klar til vinter på Sjusete – Nybygg og rehabilitering

Vinteren nærmar seg og styret i Sjusete skisenter har ikkje lagt på latsida. I år har det vore jobba flittig med å rehabilitere og utvikle Sjusete skisenter! Skibrua har vorte rehabilitert med nye ståldragarar, nytt dekke og nytt høgare rekkverk. Takk til Bjørn Øyri...

Bra innsats av Kvam LSK medlemar i Stoltzen

29-30. september arrangerte Varegg det ikoniske motbakkeløpet Stoltzekleiven Opp. Skifolka i Kvam LSK er aktive heile året og 6 medlemmer frå 12-70 år deltok på årets løp. Raskast opp frå klubben var 16-åringen Endre Berg Leiren med tida 11:43 i klassen gutar 15-17...

Kvam LSK med flott innsats under NM i Rulleskiskyting

  23-24. september arranger Sirdal NM i rulleskiskyting. Sprint og fellesstart stod på programmet og Kvam LSK stilte med 3 deltakarar. På sprinten enda Erling Aalvik på ein flott 6.plass bak store namn som Vetle Sjåstad Christiansen Johannes Thingnes Bø, Erlend...

Idrettsskulen 2017

Nærmare 80 unger har i år vore med på Kvam LSK si nyoppstarta idrettsskule for born i alderen 7-12 år. Dei ulike gruppane har utanom ordinær skitrening og skileik om vinteren vore innom varierte aktiviteter som terrengsykling, rulleski, friidrett, kajakkpadling,...

Flott oppmøte på terrengløp på Sjusete 13. september

Onsdag 13. september vart arrangert terrengløp for medlemmer i Kvam LSK i skiløypene på Sjusete. Heile 43 store og små møtte opp til denne nyvinninga! Alle fekk deltakarpremie og noko å bite i etter løpet i skihytta 🙂 Det vart løpt traséar på 0,7 km, 1,4 km, 2,5 km...

Gode resultat i Fløyen Opp

Torsdag 7. september deltok Sondre Brattabø, Ingrid Brattabø og Tobias G. Pedersen på nyvinninga Fløyen Opp på rulleski. Rennet gikk i fristil og var 3,8 km langt. Tobias var femte beste opp totalt og endte på 3.plass i klassen for gutar 16 år. Sondre vart nr. 2 i...

Krinsamling avslutta med Stordrennet

Sondre Brattabø i farta! I helga har Sondre Brattabø og Tobias G. Pedersen delteke på krinssamling i langrenn på Stord. Dei har fått trent blant anna styrke, rulleski klassisk og skøyting, motbakkeløp og langtur springing. Det var også sosialt og kjekt 🙂 Sundagen...

Den rette for oss?

ER DU DEN RETTE FOR OSS - ME TRENG TIDTAKARAR OG SPEAKER? Kvam LSK står ovanfor eit generasjonsskifte i tidtakarbua på Sjusete og me ynskjer oss nye tidtakarar og ein eller fleire speaker! Viss du kan bak-fram på ein data og likar å telje sekundar, så egnar du deg som...

Bli med på krinssamling i skiskyting eller langrenn

Både Hordaland skiskyttarkrins og Hordaland skikrins arrangerer kvar sommar og haust samlingar for treningsvillige ungdommar rundt om i Hordaland. På slike samlinger er alle utøvarar er velkomne, og det vert varierte og utfordrande treningsøkter samt mykje sosialt!...

Terrengløp (klubbløp) på Sjusete onsdag 13.september

Uhøgtidleg løp for medlemmer (ungar i alle aldre og vaksne) i Kvam LSK der nyttar den grusa delen av lysløypa, samt av tilknytta terreng. Start nedanfor skihytta kl.1815. Møt opp seinast kl.1800 slik at me får registrert alle startande. Det vert ulike traséar utifrå...

To klassesigrar under Osterøyrennet på rulleski!

Sundag 20. august deltok fire frå Kvam LSK på rulleskirenn fellesstart i friteknikk på Osterøy. Sondre Brattabø og Teodor G. Pedersen kniva begge om pallplassar i G13-klassen gjennom 4 km der Sondre enda på 2.plass og Teodor på delt 3. plass. I klassen for jenter 15...

Bli grasrotgjevar til Kvam LSK!

Grasrotandelen gir deg som spelar moglegheit til å avgjera kven som skal ta imot noko av overskotet til Norsk Tipping. Kvar gong du spelar kan du velja å støtta det laget eller den foreininga du meiner fortener det mest. Dei siste åra har denne ordninga gjeve klubben...

Resultat og bilete Torefjell Opp 2017

Ny rekord med heile 37 deltakarar på klubbløpet Torefjell Opp onsdag 21.juni (førre rekord frå 2016 var 22 deltakarar)! Kjekt at så mange både vaksne og born vart med 🙂 . Det var opphaldsvèr og greie forhold i trasèen. Raskaste deltakarar opp var...

Torefjell Opp 2017 (klubbløp)

Uhøgtidleg klubbløp for medlemmer i Kvam LSK der me startar ved skihytta kl.1815 (løypestrasé vedlagt). Møt opp seinast kl.1800 slik at me får registrert alle startande. NB! Makstid for tidtaking er 75 min., så ein må vera oppe innan kl.1930! Sjokolade til alle på...

Minner om årsmøte 20. april!

Me kaller inn til årsmøte i Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb, samt Sjusete skisenter som har samanfallande medlemsmasse. Møtet heldast 20. april kl.1900 i skistova på Sjusete! Agenda: - Årsmelding - Budsjett - Rekneskap - Organisasjonsplan - Val - Innkomne saker Alle...

Løypestatus Sjusete 29. mars

Kjosåsløypa vart sannsynlegvis tråkka for siste gong i natt, då det er nedpå 3-4 plassar i løypa. Løypa er nyttbar. Elles er det bra forhold i resten av løypenettet!

Løypestatus Sjusete  25. mars

Lysløypa er idag leigd ut til Fanarennet i klassisk stil med 200 deltakarar. For å halde kvaliteten gjennom renntraséen er det ikkje preparert til Allkleiv idag (vart køyrd fredag). Kjosåsløypa er preparet laurdag.

Avslutning skileik 16.mars!

Torsdag 16.mars vert siste gang med skilek på Sjusete for i år. Me avslutter inne i skistova med premieutdeling og servering. Om regnvéret vert for gale vert økta ute av det korte slaget og me trekkjer inn i varmen 🙂 Vel møtt kl.1800!

Treffande serieavslutting!

Finalen i serierenn i skiskyting og Kvammameisterskap samla 18 deltakarar i ettermiddag på Sjusete. Her var det frisk satsing i løypene, kontrollerte avtrekk på standplass og ikke minst god stemning i kaféen etter på. Der var det premiering over en lav sko til flinke...

5 pallplasser i Gla’laks cup nr. 9 i Odda

  Laurdag 4. mars reiste 6 skiskyttarar frå Kvam LSK til Lontjørn stadion i Odda for å delta på renn i normalprogram i flott vér. Anders Aalvik Stranden (G15) og Vilde Lunde Aalvik (J14kr skaut begge to fullt hus og enda på høvevis 1. og 2.plass i sine klasser....

Klar for serierenn med gratis smørjebu 6. mars?

  Har du gått litt på ski i vinterferien? Då er du iallefall klar for serierenn i klassisk stil på Sjusete måndag 6. mars kl.18:00.  Arve og Geir frå Mo Sport stiller med gratis smørjebu, så ein treng ikkje å uroa seg for å få feste 🙂 Bli med vaksen som...

Bli med Kvam LSK på Ørnarstafetten 18.mars!

  Når Kvam LSK reiser på stafett er breddeidrett og glade skiløparar i fokus! Klubben reiser for å DELTA med flest mogleg lag og skiløparar i alle aldersklasser (2009 og eldre), vaksen som ung 🙂  Held av datoen og meld dykk på eit lag. For dei som nyttar...

To Kvam LSK’arar deltok på stafett i hovudlandsrennet

To utøvarar frå Kvam LSK vart tek ut på Hordaland skiskyttarkrins sine stafettlag under hovudlandsrennet i skiskyting i Meråker 26. februar. Hanna Børve gjekk på laget for jenter 16 år saman med Ragna Kolve (Voss skiskyttarlag) og Maria Haugse Rød (Hålandsdalen IL)....

Torefjellsrennet 2017 i flott vinterføre på Sjusete

Sundag 26. februar arrangerte Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb turrennet Torefjellsrennet på Sjusete i flott vinterføre. Hovudrennet som bestod av to fellesstartar (ungdom og vaksen) trakk 72 deltakarar der ein gjekk enten 5, 11 eller 25 km utifrå aldersklassar. For...

Resultat Torefjellsrennet

Resultatliste konkurranseklassar og mosjon Resultaltliste trim og langrennscross 2017

To kvemmingar på hovudlandsrenn i skiskyting

  Hovudlandsrennet i skiskyting vert arrangert i Meråker i Trøndelag denne helga. Kvam LSK har med Anders Aalvik Stranden i klassen for gutar 15 år og Hanna Børve i klassen for jenter 16 år. Under fredagens normal traff Hanna med 8 av 10 skot og enda på ein...

Kvammasprinten 2017

Laurdag 25. februar arrangerte Kvam LSK Kvammasprinten i langrenn. 82 deltakar frå 11 år og oppover frå fjern og nær deltok i prolog og finaler i tett snødrev på Sjusete. På heimebane deltok 17 utøvarar frå Kvam LSK der klubben stakk av med 11 pallplassar og 5...

Løypepreparering helga 24-26. februar

For å preparere best mogleg løyper til Kvammasprinten (laurdag) og Torefjellsrennet (sundag) vert da køyrd med tråkkemaskin til litt andre tider enn vanleg denne helga. I formiddag vart lysløypa preparert og sett med klassiskspor. I ettermiddag vart Kjosåsløypa...

Oppdatert løypestatus 23/2

Allkleiv- og lysløypa er i ettermiddag preparert med tråkkemaskin, mens Kjosåsløypa er tromla med ATV. Lysløypa er sporsett. For det meste flotte skiforhold!

Løyper torsdag 23/2

Me har sidan tysdag kveld fått rundt 20 cm våt nysnø. For å skape best mogleg løyper inn mot Kvammasprinten og Torefjellsrennet som vert arrangert i helga, så vil me venta med løypepreparering til 15-16 tiden torsdag. Dette for at løyper skal få renne av seg og fryse...

Velkomen til Kvammasprint og Torefjellsrenn 25-26. februar

For dei som har undra på om det vert Kvammasprint og Torefjellsrenn til helga, så kan me melda at me har fått 20 cm med nysnø siste døgn og me satsar på å gjennomføre begge renna. Start vinterferien med renn i Kvam! Førehandspåmelding innan torsdag kl.2359. Påmelding...

Løypestatus 22/2 kl.0900

Heile lysløypa er no preparert 🙂 Det er våt kram snø, men det snøar ❄️ framleis og dei neste dagars kulegradar får me håpe vil gi gode forhold!

Ingrid Brattabø på Ungdommens Holmenkollrenn

18-19. februar deltok Ingrid Brattabø på Ungdommens Holmenkollrenn. Fine tilhøve råma inn denne mønstringa av vel 750 13-14 åringar frå heile landet. Ingrid  vart nr. 112 av 180 jenter i klassisk laurdag (01:40 bak vinnaren), mens ho vart nr. 73 av 179 deltakarar...

Avlysningar! 

Løypene på Sjusete er for det meste dekka av is, noko som gjer at tysdagens treningar og skikurs vert avlyst! 

Idrettsskulen 2017 – Nokon som kan bidra?

Kvam LSK har fått stor påmelding (72 stk.) til vår nystarta idrettsskule for born fødd i 2005-2010, og me har no starta planlegginga av aktivitetar etter ordinær skileik og skitrening på årsplanen. Nokre aktivitetar i årsplanen skal gjerast i samarbeid med andre...

Løypestatus 17/2

Omslaget til mildvér og at me har ein tynn såle med lite snø gjer at det ikkje vert preparert løyper. Det er framleis råd å gå på ski både i lysløypa og Allkleivløypa, men det er litt isete her og der og spesielt i 1 km løypa og på flatar. Obs! Det kan ha kome fram...

Flott serierenn i skiskyting

16 løparar stilte til start i kveld i det tredje serierennet i skiskyting. Flotte forhold i nypreparert løype gjorde sitt til at det vart eit flott renn. 4 løparar skaut fullt hus denne kvelden. Isak Botnen, Frede Gravdal, Hedda Høen Mo og Anders Aalvik Stranden var...

Pallen er reparert 🙂

  VG2Industriteknologi-klassen ved Norheimsund VGS si ungdomsbedrift har henta og reparert pallen vår (som var gått opp i samanføyingane). Takk for hjelpa!

To klassesigrar i BKK-rennet

Sundag arrangerte Bulken IL BKK-rennet i klassisk stil på Ulvikahøgda i Drevtjørn skisenter (snømangel på Bulken). Kvam LSK stilte med 8 deltakarar til under fine forhold i sola i Ulvik. Syskena Sondre og Ingrid Brattabø har vore sterke hittil i sesongen og dagens...

3 gull, 1 sølv og bronse under Vestlandsmeisterskapen i skiskyting!

Denne helga har Hålandsdalen IL arrangert Landsdelsmesterskap i skiskyting på Voss ski- og tursenter (snømangel på Bygdastølen). Frå Kvam LSK deltok 10 utøvarar totalt der 5 av dei deltok i klassane 13 år og eldre der det vart delt ut medaljar. Under laurdagens...

Løypestatus 12/2

Flotte forhold i dag med nytråkka lysløype der det er sett nye klassiskspor. Alkleiv vart tråkka laurdag. 

Serierenn nr. 2 langrenn

  91 skiglade kvemmingar stilte deltok måndag 6. februar på årets andre serierenn på Sjusete. Rennet gikk i klassisk stil for dei med rangering (over 10 år). Sjusete kunne skilte med greie forhold sjølv litt lite snø, men dog noko hardt. Neste serierenn 20....

Bli med på serierenn i klasssisk måndag 6. februar!

Kvam LSK arrangerer serierenn nr. 2 i klassisk stil måndag 6. februar kl.18.00. Var du ikkje med forrige gong så møt opp i god tid for å melda deg på og/eller hente startnr. Betalte de berre for eit renn sist, men skal vera denne gongen også så må me be de ta turen...

Kvam LSK på Kvalfossprinten – Eit av sesongens høgdepunkt

I helga har 4 utøvarar frå Kvam LSK vore i Holmenkollen og delteke på Bendit KvalfossSprinten. Dette er eit årevis arrangement som samlar særs mange skiskyttarar i alderen 13 år til 16 år. Under laurdagens sprint var det Ingvild Lilletveit Kvåle som...

To klassesigrar i Vikingrennet

  Sundag 5. februar vart Vikingrennet i fristil arrangert på 2.reservestadion Drevtjørn skisenter i Ulvik. 10 utøvarar frå Kvam LSK deriblant to skiskyttarar hadde teke turen til Ulvikahøgda som kunne skilte med godt skiføre på ein flott dag. I klassane 8-10 år...

Oppdatering løyper 4/2

Gode forhold for skøyting idag, spesielt etter tromling. Ein del isete klassiskspor, isete og lite snø nokre plassar i lysløypa. For det meste bra forhold på Allkleiv. Kjosåsløypa er for dei spesielt interesserte da det har vore for lite snø til å køyre med...

Funkjonærlista til Kvammasprinten og Torefjellsrennet er klar!

Det er eit stort apparat av frivillige som me treng til å arrangere renn på Sjusete. Lista over funksjonærer til Kvammasprinten og Torefjellsrennet 25-26.februar er no klar. Sjekk ut om du er satt opp på dugnad på!. Tusen takk for å du er med å bidreg til at ungar og...

Oppdatering løyper 1/2

Allkleiv- og lysløypa vart igår kveld preparert med tråkkemaskin. Litt for lite snø i Kjosåsløypa for tråkkemaskina, men den er rulla med ATV og er sett klassiskspor i midten.

Serierenn nr. 2 i skiskyting

Måndag 30. januar deltok 17 skiskyttarar på årets andre serierenn under flotteforhold på Sjusete! Resultatliste

Nytråkka løyper på Sjusete

  Endeleg snø 🙂 Heile lysløypa vart sundag  kveld preparert med tråkkemaskin og det er fine forhold. Preparering av Kjosåsløypa vert vurdert fortløpande, men akkurat no er det for mange partier med vassproblem.

Bra gjeng på Ulvikarennet i KM fristil

Sundag 28. januar reiste Kvam LSK i flokk til Ulvik for å delta på Ulvikarennet i fristil som var krinsmeisterskap for klassane 13 år og eldre. 13 utøvarar frå klubben stilte til start i klassar frå 8-15 år! I klassane gutar/jenter 8-10 år deltok Kristin Brattabø,...

NM junior og NM/NC senior i Holmenkollen

27-29. januar vert NM/NC i skiskyting arrangert i Holmenkollen der Kvam LSK stiller med 5 utøvarar. Fredagen vart det arrangert noregscup for seniorar der Erling Aalvik lenge såg ut til å vinne med fullt hus der han var i tet heile løpet sitt, men vart slått med 0,8...

Krinsmeister i klassisk

  Laurdag 28. januar reiste 9 utøvarar frå Kvam LSK til Ulvikarennet klassisk som var krinsmeisterskap for 13 år og eldre. Drevtjørn ski- og tursenter hadde greit med snø, men støtteapparatet måtte fram med klisteret for å finne feste i dei noko harde spora....

Oppdatering løyper Sjusete fredag 27/1!

Lysløypa og allkleivløypa har vore forsiktig preparert i ettermiddag med tråkkemaskin. Det er sett nye klassiskspor i heile lysløypa, og forholda er rimelig bra med det er framleis litt hardt. I allkleivløypa er det ein del hol, men løypa er fullt mogleg å nytta. Det...

117 glade skiløparar på serierenn i langrenn på Sjusete!

Måndag 23. januar skipa Kvam LSK til årets fyrste serierenn i langrenn. Heile 117 skiløparar frå 4 år til og 69 år deltok på fristilrennet. Om dette ikkje et rekord så er me ikkje langt unna iallefall! 88 stk. hadde meldt seg på via internett, men når alle 117 startnr...

Fellesrenn med Kvam LSK i Ulvik 28 og 29. januar

Helga 28. og 29. januar arrangerer Ulvik IL krinsmeisterskap i både klassisk stil og fristil på Drevtjørn skisenter. Kvam LSK har pekt ut desse to renna som fellesrenn der me freistar å reise mange i lag. Me inviterer alle unge medlemmar i klubben til å vera med...

Serierenn Langrenn måndag 23. januar

67 førehandspåmeldte til dagens serieren i langrenn på Sjusete 🙂 Kjem du? Dette er eit renn med LÅG terskel. Har du ski så har du ingen unnskyldning til å ikkje vera med! Meld deg på via https://minidrett.nif.no/Event/Index/306126 før kl.1600 så slepp du kø og det...

2 krinsmeistre frå Kvam

Sundag deltok 93 skiskyttarar i Gla’laks cup nr. 6 i skoddo på Sjusete. Tilhøva i løypene og på standplass var likevel framifrå etter iherdig innsats frå løypekjørar Asgaut Valland og alle dei andre funksjonærane. 12 åringane og dei yngre gjekk sprintprogrammet, medan...

Gode prologer og alle til A finale i Viljarrennet

Laurdag arrangerte Viljar IL sprintlangrenn i Voss ski og tursenter, og 3 bland Brattabø og Tobias G. Pedersen stilte til start for Kvam LSK. Både Ingrid og Sondre Brattabø vant sine prologar i klassane for jenter 14 år og gutar 12 år. Tobias Pedersen komi mål til...

Hoppande glade laksar!

Gla'laks cup nr. 5 vart avvikla på Sjusete i dag. Heile 105 deltakarar frå heile Hordaland og Vik i Sogn sprinta seg igjennom det flotte vêret. Trass i mykje regn i dei siste dagane, baud løypemannskapa på flotte løype. Ein stab av dyktige funksjonærar sørga for at...

Deler av løypa stengt!

Grunna krinsmeisterskap i skiskyting og siste tidas mildvér vert asfaltløypa (1 km) på Sjusete stengt fram rennstart sundag (22/1). Det er ikkje mogleg for andre enn renndeltakarar å nytta løypa før kl.1600 sundag! Me vonar alle kan respektere dette slik at me klarar...

Årets fyrste skileik unnagjort

94 ungar som fyller 6-8 år er påmeldt til årets skileik i regi av Kvam LSK.  Torsdag 19.januar møtte dei fleste av desse opp til årets første skileik i regnvéret på Sjusete. Om lag 20 instruktørar tok seg av ungane gjennom fleire poster i området ved og rundt...

Framleis ledige plassar på skikurs Sjusete vinter 2017

Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb ynskjer alle velkomne til ein ny skisesong! Kvam LSK inviterer til skikurs for vaksne. Me legg opp til fire kurs, to i skøyting og to i klassisk, der vi både har kurs for nybyrjarar og litt øvet/vidarekomne. Me er heldige og har fått...

Preparering av løyper i perioden med mildvér

Perioden framover med mildt vér og regn set litt avgrensingar med tanke preparering av løypar. Heile løypenettet vart trakka før regnet tok til, og me vil kontinuerlig vurdera preparering gjennom perioden for å gi best mogleg løypar på sikt. Per onsdag 18/1 er det...

Funksjonærliste serierenn i langrenn er klar

Det er eit stort apparat av frivillige som me treng til å arrangere renn på Sjusete. Lista over funksjonærer til serierenn i langrenn er no klar. Sjekk ut om du er satt opp på dugnad på serierenn i langrenn på Sjusete vinteren 2017. Tusen takk for å du er med å bidreg...

Velkomen til serierenn i i langrenn 23.januar!

Måndag 23. januar startar serierenna i langrenn opp på Sjusete skisenter. Rennstart er kl.1800! Fyrste renn er i fristil frå og med 11 år, mens 10 år yngre går ein ny langrennsscrossløype der ymse hinder og utfordringar skal forserast. Datoar for dei 5 serierenna er:...

Dugnadslister for kafedrifta 2017

Kaféen i Skistova er open i samband med skileik, serierenn og kretsrenn. Her serverer me kaffi, te, brus, vafler, sjokolade, nudlar og andre godsaker for trøyte skiløparar og andre vitjarar. Kaféstyret har ansvar for drifta og for å setje opp dugnadsliste for å hyra...

Noregscup jr langrenn på Nes

13-15. januar har noregscup for juniorar i langrenn vore arrangert på Nes i Akershus. For Kvam LSK deltok Ingmar Leigland Njaa heile helga og Kristin Sande deltok på fredagens 5 km fristil.  Fredagens intervallstart var Ingmar si sesongdebut i noregscup der han...

3 krinsmeistrar i skiskyting under Gla’laks cup nr.4

Kvam LSK gjentok bragden under søndagens Gla'laks cup og krinsmeisterskap i skiskyting med mange pallplassar. Under sundagens sprintrenn deltok Kvam LSK med 9 utøvarar der klubben drog i land 3 klassesigrar og krinsmeistrar. Hanna Børve (J16) og Ingvild Lilletveit...

Glade laksar på Gla`laks cup nr.3

Laurdag 14. januar reiste 10 utøvarar til Voss ski- og tursenter for å delta på krinsrennet Gla`laks cup nr. 3. Av dei 8 utøvarane som vart rangert enda 6 stk. på pallen, der Hanna Børve (J16) og Ingvild Lilletveit Kvåle (J14) stod på toppen 🙂 Kjempebra innsats av...

Stor interesse for skileik – Me treng fleire instruktørar!

Det er stor pågang på skileiken i år og det er me veldig glad for! Me må utvida gruppane og treng difor fleire instruktørar. Det er behov for 2 stk som er hovudansvarlege og 2-4 stk som kan vera medhjelparar. Det å vera hovudansvarleg innebærer å møta litt for det...

Flott skihelg i vente!

                Det har kome meir snø i natt og dette lovar bra for ei flott skihelg på Sjusete. Kjosåsløypa, Allkleivløypa og lysløypa er nypreparert. For det meste flotte løyper, men framleis litt vassutfordringar i...

Heile løypenettet er preparert!

Snøen lavar ned ❄️ og tråkkemaskinen har preparert i heile løypenettet på Sjusete ?! Forholda er bra i lysløypa, mens turløypane til Allkleiv og Kjosås har litt utfordringar med vatn her og der. Det vert preparert meir før dagens treningar! 

Snøvéret har kome til Sjusete!

Løyper vert preparert når det er kome nok snø! Det er fullt mogleg å gå på ski, men vert noko laust for skøyting fram til det er preparert.

Nytt lys i asfaltløypa, men regnvéret herjer med løypane!

Sjusete skisenter har idag fått hjelp av Kvam Kraftverk til å skifta alle lampane i asfaltløypa til LED, noko som skal gi skiløparar mykje betre lys! Dessverre så har dei siste døgnas regnvér herja godt med løypane, men som de ser på webkamera så er det framleis snø...

Noregscupsiger til Kvam LSK

Helga 7-8.januar reiste 5 utøvarar frå Kvam LSK til noregscup nr.3 i skiskyting og årets første noregscup for juniorar i Liatoppen skisenter i Ål i Hallingdal. Laurdagen var det sprint på programmet og beste plassering var Erling Aalvik med 11.plass....

Comeback i seniorklassen i langrenn

Sundag 8. januar reiste 9 utøvarar frå Kvam LSK til Vargarrennet i fristil på Voss ski- og tursenter. Dette var årets første krinsrenn i fristil og fleire utøvarar sesongdebuterte på renn. Brattbøane stilte med 4 stk. på startstreken og dei slo godt ifrå seg der...

Sesongopning på krinsrenn i langrenn

Familien Brattabø og familien Mo tok turen til årets første krinsrenn i langrenn som laurdag 7. januar vart arrangert på Korlevoll skistadion. Kvam LSK fekk to på pallen då Ingrid Brattabø vart nr. 3 i klassen for jenter 14 år, mens Sondre endte på 2.plass berre 0,4...

Tråkkemaskina er i gang på Sjusete!

Det snør tett og tråkkemaskinen er no i sving på Sjusete! Heile lysløypa køyrast no og vert sett med klassisk spor! Last ned appen skisporet og få status for løypekøyring rett på mobiltelefonen! IPhone - Android - Løypestatus kan og sjekkast på...

Velkomen til skileik og idrettsskule!

Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb ynskjer alle velkomne til ein ny skisesong! Skileiken går over 8 torsdagar og fyrste skileik vert 19. januar. Me satsar på gode forhold for ski på Sjusete i år som i fjor. Me opnar no for påmelding til skileik. Frist for påmelding er...

Løypeinfo 4.januar 2017

Etter gårdagens snøfall er heile 5 km rulla på morgonen. Asfaltløypa (1 km) har ganske bra forhold for skøyting, mens resten av løypa har greie forhold. Me treng litt meir snø før tråkkemaskina vert køyrd.