Siste nytt

Skiskyttarhelg på Vossl

I helga arrangerte Voss Skiskyttarlag Gla`laks cup nr.7 og 8 i fylkesanlegget Voss ski- og tursenter. Frå Kvam LSK hadde 9 utøvarar teke turen.Laurdag var det renn i normalprogram der Hedda Høen Mo imponerte med siger i klassen for jenter 12 år mot 7 andre...

Serierenn i sprintlangrenn

Bli med på serierenn i langrenn måndag 12. februar. Denne kvelden står sprint på programmet der me tester ut den nye sprintløypa som skal nyttast i Kvammasprinten neste helg 🙂 Alle til og meg 10 år går berre 0,7 prolog, men dei eldre går prolog og finaler på 1 km...

Resultat serierenn langrennscross

Måndag 5. februar arrangerte Kvam LSK serierenn i langrennscross for alle. Dei under 10 år gjekk kort løype, mens dei andre gjekk lang løype. Resultatliste (Litt feil på distanser i resultatlista)

To gutar på Ungdommenns Holmenkollrenn

3-4. februar vart det tradisjonsrike Ungdommens Holmenkollrenn arrangert i nasjonalanlegget for ski. To gutar frå Kvam LSK deltok. Laurdag deltok Sondre Brattabø i 3 km klassisk i klassen for gutar 13 år. Sondre gjekk eit veldig godt renn og enda på delt 21.plass av...

NM junior og NC senior skiskyting!

2-4. februar arrangerast det NM junior og Noregscup senior i skiskyting på Simostranda. Kvam LSK deltek med 6 utøvarar. Under fredagens fellestart vann Erling Aalvik seniorklassen for menn, mens Malin Auganæs Bergtun tok NM-sølv i klassen for kvinner 20-21 år! Elles...

Serierenn langrenn 5. februar!

Nytt serierenn i langrenn måndag 5. februar der alle går langrennscross (born og vaksne)! Dette vert kjekt 🙂 Bli med! Rennstart kl.1815 og frist for påmelding kl.1745.

Me treng fleire i basarnemda!

Den årlege Kvam LSK basaren har vore utsett denne sesongen og me har framleis ikkje gløymt den! For å få arrangert basar opprettast det på kvart årsmøte ei basarnemd, men grunna at fleire har trekt seg frå nemda av ulike gyldige årsakar så har me utsett denne. Kvart...

Ny KM-dag med pallplasseringar!

Sundag 29.januar skipa Voss IL til KM i langrenn duathlon i Voss ski- og tursenter. Kvam LSK deltok med 6 utøvarar. For 13 år og eldre var det KM fellesstart med skibytte og syskena Brattabø tok igjen medaljar. Sondre tok sølv 23 sekund bak helgas ener Marcus...

To skiskyttarar har konkurrert i Holmenkollen!

I helga har det vore arrangert Kvalfossprinten i Holmenkollen. Dette er eit arrangement som samlar mange skiskyttarar frå heile landet i aldersklassene 13-16 år. Kvam LSK deltok med to utøvarar. Laurdag vart det arrangert sprint og Anders Aalvik Stranden fekk ei sterk...

Kvam LSK sekundar nær å få to krinsmeistrar!

Laurdag 27. januar skipa Voss IL til krinsmeisterskap i klassisk stil i Voss ski- og tursenter. Kvam LSK stilte med 7 utøvarar. Gaute Øymo Mælen gjennomførte eit sterkt løp og enda på sølvplass berre eit sekund bak krinsmeister i klassen for gutar 15 år. Ingrid...

Klubbkolleksjon restlager Mo Sport

Om nokon ikkje har fått kjøpt klede frå Kvam LSK si klubbkolleksjon så har Mo Sport eit restlager med visse storleiker de kan få kjøpt. Sjå lagerliste for kva varar dei har og pris. Lagerliste Kvam LSK klubbkolleksjon

Serierenn Langrenn 1 Resultat

Fyrste serierenn er dessverre alltid litt kaos i forhold til etterpåmelding, brikkeutdeling og resultatlister. Me har ikkje ei komplett deltakingsliste i dei yngre klassane, men me håper at dei som fekk på seg brikke har fått registert tid i resultatlista. Me må også...

Kvam LSK viste seg fram på Ørnarstafetten!

Sundag 21. januar reiste 14 utøvarar frå Kvam LSK til Voss ski- og tursenter for å delta på Ørnarstafetten i langrenn. Det var flott skiføre og artig med stafett! I klassen for gutar 8-10 år deltok Tomas Græsdal Pedersen (8 år), Vijus Vencius (8 år) og Eirik Brattabø...

Anders Aalvik Stranden med 10 treff og siger i Vik!

Sundag 21. januar arrangerte Vik IL Gla'laks cup nr.6 i Vik skisenter. Kvam LSK deltok med 6 utøvarar. For klassane 13-16 år var det fellesstart på programmet. Anders Aalvik Stranden skaut fullt hus på standplass under fellesstarten og kunne med god fart i sporet...

Diamant og fleire pallplassar i Vik

Vik IL arrangerte laurdag 20. januar Gla'laks cup nr.5 sprint i skiskyting. 6 utøvarar frå Kvam LSK i alderen 10-16 år hadde teke turen til Vik skisenter. I klassen for gutar 10 år og yngre nybyrjar deltok Torje Laupsa Mo og Eskil Høen Mo. Begge to skaut fullt hus og...

Klassesigar og fleire pallplassar i Viljarsprinten

Laurdag 20. januar arrangerte Viljar IL sprintrenn i langrenn på Voss ski- og tursenter. Kvam LSK deltok med 8 utvørarar i alderen 8-19 år. Eirik og Kristin Brattabø deltok i dei yngre klassane som berre gjekk 0,7 km prolog. Fe klassen 11 år og eldre vart det også...

Velkomen til serierenn i langrenn 22.januar!

Måndag 22. januar startar serierenna i langrenn opp på Sjusete skisenter. Rennstart er kl.1815! Fyrste renn er i fristil frå og med 11 år, mens 10 år yngre går langrennsscross med ymse hinder og utfordringar. Datoar for dei 5 serierenna er: 22/1 – Fristil distanserenn...

Flott start på årets skileik!

Torsdag 18. januar starta den årlege skileiken til Kvam LSK opp på Sjusete under strålande skiforhold. I år er heile 104 born i alderen 6-8 år påmeldt nokon som må vera rekord i nyare tid! Borna vart delt opp i 6 ulike gruppar og teke hand om av tilsaman 24...

Malin Auganæs Bergtun med to sigrar i Oppland

Laurdag deltok Malin Bergtun Auganæs i Vingromrennet (krinsmeisterskap) normalprogram i Oppland og slo til med siger i klassen for kvinner 20-21 år. Under sundagens Vingromrenn sprint gjentok ho prestasjonen med ein ny siger! Ho viser storform for tida og med gleder...

Flott skiskyttarhelg på Sjusete!

I helga har skiskyttargjengen i Kvam LSK arrangert Gla`laks cup. Laurdag var det 104 deltakarar på normal program, mens sundag deltok 111 utøvarar på sprinten. Renna vart gjennomført i fint vér og flotte løyper! Ein stab av dyktige funksjonærar sørga for at rennet...

Medlems- og foreldrekveld 13.februar

Kvam LSK held i vinter gratis medlems- og foreldrekveldar for alle medlemmer i klubben samt foreldre til ungar som delteke på klubbens aktiviteter.Fyrste medlemskveld er tysdag 23. januar der det er gliding av ski som står på programmet. Me tar for oss heilt basic...

Ingmar Leigland Njaa på Noregscup JR i langrenn

Helga 5-7. desember vart det arrangert Noregscup for junior i langrenn på Beitostølen. Frå Kvam LSK deltok Ingmar Leigland Njaa. Under fredagens 10 km klassisk enda Ingmar 174. plass 4:38 bak vinnaren i klassen for Menn 19-20 år. Laurdag var sprint fristil på...

Noregscup i skiskyting på Lygna!

6-7. januar vart det arrangert Noregscup i skiskyting for junior og senior på Lygna på Hadeland. Kvam LSK deltok med 5 utøvarar! Beste plassering hadde Malin Auganæs Bergtun med siger under laurdagens normaldistanse for Kvinner 20-21 år 26 sekund føre sine Kvelvane...

Klassesiger og gode plasseringar i Vargarrennet 7/11

Sundag 7. januar arrangerte Vargar IL renn i fristil i Voss Ski- og tursenter i tett snøvér. Kvam LSK deltok med 10 utøvarar i alderen 7-16 år! Ingrid Brattabø som vann krinscupen førre sesong har hittil i denne sesongen ein siger og ein andreplass. På sundag fulgte...

Serierenn 1 i skiskyting

Tysdag 9. januar arrangerte Kvam LSK årets fyrste serierenn i skiskyting. Sprint stod på programmet og det var 15 deltakarar i alderen 8-16 år. Resultatliste

Gla’Laks Cup 3 og 4 Renninnbjoding

Gla'Laks Cup 3 og 4 vert arrangert på Sjusete laurdag 13.jan og søndag 14.jan. Sjå her: Renninnbjoding Gla'Laks cup nr 3 og 4 Sjusete_Kvam Lsk2018

Funksjonærlister sesongen 2017-2018

Det er eit stort apparat av frivillige som me treng til å arrangere skileik, treningar og renn. Her finn du listene for sesongen 2017-2018. Tusen takk for å du er med å bidreg! Følgebrev med funksjonærliste 2018 Funksjonærliste skiskyting januar 2018 Funksjonærliste...

Godt nytt år.

Snøen lavar ned på Sjusete no. Løypene er tråkka men lyt nok tråkkast igjen om nokre timar.Følg med på Skisporet.no

Langrennsutøvarane har vore aktiv i romjula!

2. juledag arrangerte IL Korlevoll Odda det tradisjonelle jularennet i fristil på Korlevoll. Kvam LSK deltok med 8 utøvarar frå 8 år til og med senior. Skiskyttarane Malin Auganæs Bergtun og Sindre Gjøsæter hadde også teke vegen til Korlevol og enda på høvevis 3....

Kvam LSK på Gla`laks cup i Myrkdalen

Laurdag 30. desember arrangerte Eldar IL Gla`laks cup nr.2 i skiskyting i Årmotslia i Myrkdalen. Rennet var i normalprogram i flotte forhold der kliubben deltok med 9 utøvarar! I juniorklassane enda Sindre Gjøsæter i på 1.plas i klassen for menn 19 år, Eirin Tufteland...

Løype rapport

Då er snøen komen igjen og alle løypene er tråkka igjen. Flotte forhold i alle løyper no. Ca 0 grader og litt snø i lufta. Go tur på ski.

Ny sesong og påmelding til aktiviteter!

Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb ynskjer alle velkomne til ein ny skisesong! Oppstart av langrenn- og skiskyttartreningane er satt til torsdag 4. januar. Skileik startar torsdag 19. januar! Påmeldingsfrist til skileik og idrettsskulen er 11. januar, mens langrenn-...

Status klubbklede 22.12

Mo Sport har fått alle klubbklede til vaksne, men dessverre så har kolli med juniorklede vorte "rota vekk" i posten sitt julerush. Dette resulterer i at desse ikkje kjem fram til jul 🙁 Alle som har bestilt juniorklede vil få melding så snart desse har ankommet Mo...

Erling og Sindre i aksjon i helga!

Erling Aalvik vart teke ut til si andre rennhelg IBU-cupen i Obertilliach Østerrike 14-17. desember. Under torsdagens 20 km normalprogram enda Erling på 16. plass med 18 treff 3:08 bak vinnar Vetle Sjåstad Christiansen. På laurdagens 10 km sprint vart det 36. plass...

Årets fyrste renn i Gla’laks cupen

Sundag 17. desember vart det fyrste rennet i Gla'laks cupen i skiskyting i Årmotslia skisenter i Myrkdalen. Kvam LSK deltok med 6 utøvarar. I klassen for gutar 10 og yngre deltok Torje Laupsa Mo og Eskil Høen Mø med god skyting. Asgaut Laupsa Mo kom på ein fin 4....

Erling Aalvik med gode renn i Østerrike!

Erling Aalvik frå Kvam LSK gjekk seg opp får ein 23. til ein flott 10. plass på jaktstarten sundag over 12,5 km i østerriske Lenzerheide. Sigeren i dette rennet i IBU cup’en (nivået undet verdscupen) gjekk til franskmannen Antonin Guigonnat. Erling skaut nesten...

Vellukka heimesamling på Sjusete!

Laurdag 9. desember arrangerte Kvam LSK heimesamling på Sjusete som erstatning for avlyst familiesamling på flott vinterføre. 22 utøvarar i alderen 8-16 år deltok på tok økter. Fyrste økt var på standplass med Nils Eivind Stranden for skiskyttarane, mens...

På langrenn i Hallingdal

Våre to juniorar Ingmar Njaa og Sindre Gjøsæter, som går i 3.klasse på toppidrett på høvevis Voss Gymnas og Noregs Toppidrettsgymnas Geilo, deltok på kvar sitt renn i Hallingdal i helga. Laurdag vart Gravsetrennet i klassisk stil i Hemsedal der Ingmar kom på 10. plass...

Det har skjedd ein revolusjon innan klassiskski dei siste åra!

Likar du å gå klassisk, men misikar å smørja? Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb er oppteke av skiglede og ynskjer å fremja denne gjennom å få folk mest mogleg ut på både skøyteski og klassiskski. Å spare tid i ein hektisk kvardag er noko einkvar set pris på. Skifolket...

Sesongopning i skiskyting på Geilo

Helga 25-26. November arrangerte Geilo IL noregscup i skiskyting for junior/senior og Sparebank 1 cup for aldersbestemte klassar. Kvam LSK stilte denne helga med 7 utøvarar som deltok på sprint og fellestart.Erling Aalvik enda på 4. plass på sprinten i seniorklassen...

Varsel – Familiesamlinga er flyttet!

Dessverre har Kvam LSK vore uheldig ved at Voss ski- og tursenter har dobbeltbooket arenahuset helga 8-10. desember. Styret har jobba på spreng for å finne eit alternativ og har no flytta samlinga til Vik skisenter der me overnatter på arenahuset. Me beklager dette,...

OBS!

Grunna trefall er ytterste del av lysløypa midlertidig stengt!!! Vert ordna i løpet av formiddag.

Løypestatus laurdag 25/11

Kome masse snø på Sjusete igår og idag. Heile løypenettet er preparert, men litt vatn i løypane til Kjosås og Alkleiv. Det vert og tråkke ei runde til seinare laurdag.

Løypestatus måndag 20/11

Lysløypa og Allkleiv vart tråkka sundag. Det er ikkje mykje snø, og i påvente av meir snø vert da sannsynlegvis ikkje tråkka før nytt vesentleg snøfall. Ifølgje vérmeldinga skal det koma meir snø onsdag/torsdag.

Løypestatus laurdag 18/11

Det har idag vore preparert løyper på Sjusete. Fine forhold og sporsett heile 5 km. NB! Litt lite snø ved brua.

Skiskyting = deg? – Kvam LSK inviterer til skiskyttarskule!

https://www.youtube.com/watch?v=TCh077HjUHA&feature=youtu.be Syns du skiskyting ser gøy og spannade ut? Her er ein videosnutt laga av Sokna IL. Vil du vite meir om kva skiskyting er? - Sjekk ut denne sida Kvam LSK inviterar til skiskyttarskule helga 2-3. desember for...

Preparert med tråkkemaskin på Sjusete

Lysløypa er idag preparert med tråkkemaskin 🙂 Fine forhold i heile runden. Sporsett heile runden. Dessverre seier vérmeldinga regn framover, så det er berre å nytta på!

Invitasjon familiesamling med Kvam LSK på Voss

Me har gleda av å invitere til familiesamling på snø 8-10. desember på Voss. Tilbodet gjeld for alle medlemer i Kvam LSK. Eit sportsleg og sosialt tiltak for heile familien - bli med! Me bur på arenahuset på Voss ski- og tursenter i Herresåsen. Dette vert ei helg der...

«Skiføre» på Sjusete

Sjusete har det siste døgeret fått 15 cm våt snø. For dei som klør etter å koma seg ut på ski, så har asfaltløypa i dag vore rulla (ikkje sporsett) som ein test og det er mogleg å prøva seg med nokre gamle ski 🙂 3 km er også rulla og sporsett, men her er det ein del...

Endring i klubbjakke!!!

Dessverre har Swix oversolgt dunjakka me hadde prøvar på under klubbkvelden! Klubben har då i samarbeid med Mo Sport komen fram til eit alternativ frå Dæhlie med dunjakka Podium. Denne har veiledande pris kr. 2399,- for vaksen og kr.1599,- for born. Klubbpris vert som...

Utsett basar!

Det var vore spørsmål i det siste om det ikkje vert den årlege Kvam LSK basaren denne sesongen. Me har IKKJE gløymt den, men grunna at fleire har trekt seg frå basarnemda av ulike gyldige årsaka har styret vedteke å utsette basar til februar. For å gjennomføra basar...

Klubbkolleksjon og klubbkveld 31.oktober

Tysdag 31. oktober held Kvam LSK klubbkveld på Mo sport kl.18:00-20:00. Der kan ein prøva og bestille klede frå årets nye klubbkolleksjon, som er sterkt rabattert BERRE denne kvelden (sjå vedlegg for meir info og prisar). Mo Sport vil og ha...

Sal- og bytedag skiutstyr!

Sundag 29. oktober held Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb sals- og bytedag for brukt skiutstyr og skiklede. Gjeld både langrenn og alpint! Har du brukt utstyr som andre kan ha glede av, bør du ta turen for å selja eller byte bort dette. Ein må sjølvsagt koma om berre...

Resultat klubbrenn rulleski 23. oktober

Måndag 23.oktober arrangerte me klubbrenn på rulleski. 13 stk. deltok på ein ny variant der me starta på den nyasfalterte parkeringsplasssen. Etterpå var det gratis saft/kaffi og bollar til både deltakarane og dei vaksne. Raskast i den lengste løypa var vossingen...

Me gjer oss klar til vinter på Sjusete – Nybygg og rehabilitering

Vinteren nærmar seg og styret i Sjusete skisenter har ikkje lagt på latsida. I år har det vore jobba flittig med å rehabilitere og utvikle Sjusete skisenter! Skibrua har vorte rehabilitert med nye ståldragarar, nytt dekke og nytt høgare rekkverk. Takk til Bjørn Øyri...

Bra innsats av Kvam LSK medlemar i Stoltzen

29-30. september arrangerte Varegg det ikoniske motbakkeløpet Stoltzekleiven Opp. Skifolka i Kvam LSK er aktive heile året og 6 medlemmer frå 12-70 år deltok på årets løp. Raskast opp frå klubben var 16-åringen Endre Berg Leiren med tida 11:43 i klassen gutar 15-17...

Kvam LSK med flott innsats under NM i Rulleskiskyting

  23-24. september arranger Sirdal NM i rulleskiskyting. Sprint og fellesstart stod på programmet og Kvam LSK stilte med 3 deltakarar. På sprinten enda Erling Aalvik på ein flott 6.plass bak store namn som Vetle Sjåstad Christiansen Johannes Thingnes Bø, Erlend...

Idrettsskulen 2017

Nærmare 80 unger har i år vore med på Kvam LSK si nyoppstarta idrettsskule for born i alderen 7-12 år. Dei ulike gruppane har utanom ordinær skitrening og skileik om vinteren vore innom varierte aktiviteter som terrengsykling, rulleski, friidrett, kajakkpadling,...

Flott oppmøte på terrengløp på Sjusete 13. september

Onsdag 13. september vart arrangert terrengløp for medlemmer i Kvam LSK i skiløypene på Sjusete. Heile 43 store og små møtte opp til denne nyvinninga! Alle fekk deltakarpremie og noko å bite i etter løpet i skihytta 🙂 Det vart løpt traséar på 0,7 km, 1,4 km, 2,5 km...

Gode resultat i Fløyen Opp

Torsdag 7. september deltok Sondre Brattabø, Ingrid Brattabø og Tobias G. Pedersen på nyvinninga Fløyen Opp på rulleski. Rennet gikk i fristil og var 3,8 km langt. Tobias var femte beste opp totalt og endte på 3.plass i klassen for gutar 16 år. Sondre vart nr. 2 i...

Krinsamling avslutta med Stordrennet

Sondre Brattabø i farta! I helga har Sondre Brattabø og Tobias G. Pedersen delteke på krinssamling i langrenn på Stord. Dei har fått trent blant anna styrke, rulleski klassisk og skøyting, motbakkeløp og langtur springing. Det var også sosialt og kjekt 🙂 Sundagen...

Den rette for oss?

ER DU DEN RETTE FOR OSS - ME TRENG TIDTAKARAR OG SPEAKER? Kvam LSK står ovanfor eit generasjonsskifte i tidtakarbua på Sjusete og me ynskjer oss nye tidtakarar og ein eller fleire speaker! Viss du kan bak-fram på ein data og likar å telje sekundar, så egnar du deg som...

Bli med på krinssamling i skiskyting eller langrenn

Både Hordaland skiskyttarkrins og Hordaland skikrins arrangerer kvar sommar og haust samlingar for treningsvillige ungdommar rundt om i Hordaland. På slike samlinger er alle utøvarar er velkomne, og det vert varierte og utfordrande treningsøkter samt mykje sosialt!...

Terrengløp (klubbløp) på Sjusete onsdag 13.september

Uhøgtidleg løp for medlemmer (ungar i alle aldre og vaksne) i Kvam LSK der nyttar den grusa delen av lysløypa, samt av tilknytta terreng. Start nedanfor skihytta kl.1815. Møt opp seinast kl.1800 slik at me får registrert alle startande. Det vert ulike traséar utifrå...

To klassesigrar under Osterøyrennet på rulleski!

Sundag 20. august deltok fire frå Kvam LSK på rulleskirenn fellesstart i friteknikk på Osterøy. Sondre Brattabø og Teodor G. Pedersen kniva begge om pallplassar i G13-klassen gjennom 4 km der Sondre enda på 2.plass og Teodor på delt 3. plass. I klassen for jenter 15...

Bli grasrotgjevar til Kvam LSK!

Grasrotandelen gir deg som spelar moglegheit til å avgjera kven som skal ta imot noko av overskotet til Norsk Tipping. Kvar gong du spelar kan du velja å støtta det laget eller den foreininga du meiner fortener det mest. Dei siste åra har denne ordninga gjeve klubben...

Resultat og bilete Torefjell Opp 2017

Ny rekord med heile 37 deltakarar på klubbløpet Torefjell Opp onsdag 21.juni (førre rekord frå 2016 var 22 deltakarar)! Kjekt at så mange både vaksne og born vart med 🙂 . Det var opphaldsvèr og greie forhold i trasèen. Raskaste deltakarar opp var...

Torefjell Opp 2017 (klubbløp)

Uhøgtidleg klubbløp for medlemmer i Kvam LSK der me startar ved skihytta kl.1815 (løypestrasé vedlagt). Møt opp seinast kl.1800 slik at me får registrert alle startande. NB! Makstid for tidtaking er 75 min., så ein må vera oppe innan kl.1930! Sjokolade til alle på...

Minner om årsmøte 20. april!

Me kaller inn til årsmøte i Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb, samt Sjusete skisenter som har samanfallande medlemsmasse. Møtet heldast 20. april kl.1900 i skistova på Sjusete! Agenda: - Årsmelding - Budsjett - Rekneskap - Organisasjonsplan - Val - Innkomne saker Alle...

Løypestatus Sjusete 29. mars

Kjosåsløypa vart sannsynlegvis tråkka for siste gong i natt, då det er nedpå 3-4 plassar i løypa. Løypa er nyttbar. Elles er det bra forhold i resten av løypenettet!

Løypestatus Sjusete  25. mars

Lysløypa er idag leigd ut til Fanarennet i klassisk stil med 200 deltakarar. For å halde kvaliteten gjennom renntraséen er det ikkje preparert til Allkleiv idag (vart køyrd fredag). Kjosåsløypa er preparet laurdag.

Avslutning skileik 16.mars!

Torsdag 16.mars vert siste gang med skilek på Sjusete for i år. Me avslutter inne i skistova med premieutdeling og servering. Om regnvéret vert for gale vert økta ute av det korte slaget og me trekkjer inn i varmen 🙂 Vel møtt kl.1800!

Treffande serieavslutting!

Finalen i serierenn i skiskyting og Kvammameisterskap samla 18 deltakarar i ettermiddag på Sjusete. Her var det frisk satsing i løypene, kontrollerte avtrekk på standplass og ikke minst god stemning i kaféen etter på. Der var det premiering over en lav sko til flinke...

5 pallplasser i Gla’laks cup nr. 9 i Odda

  Laurdag 4. mars reiste 6 skiskyttarar frå Kvam LSK til Lontjørn stadion i Odda for å delta på renn i normalprogram i flott vér. Anders Aalvik Stranden (G15) og Vilde Lunde Aalvik (J14kr skaut begge to fullt hus og enda på høvevis 1. og 2.plass i sine klasser....

Klar for serierenn med gratis smørjebu 6. mars?

  Har du gått litt på ski i vinterferien? Då er du iallefall klar for serierenn i klassisk stil på Sjusete måndag 6. mars kl.18:00.  Arve og Geir frå Mo Sport stiller med gratis smørjebu, så ein treng ikkje å uroa seg for å få feste 🙂 Bli med vaksen som...

Bli med Kvam LSK på Ørnarstafetten 18.mars!

  Når Kvam LSK reiser på stafett er breddeidrett og glade skiløparar i fokus! Klubben reiser for å DELTA med flest mogleg lag og skiløparar i alle aldersklasser (2009 og eldre), vaksen som ung 🙂  Held av datoen og meld dykk på eit lag. For dei som nyttar...

To Kvam LSK’arar deltok på stafett i hovudlandsrennet

To utøvarar frå Kvam LSK vart tek ut på Hordaland skiskyttarkrins sine stafettlag under hovudlandsrennet i skiskyting i Meråker 26. februar. Hanna Børve gjekk på laget for jenter 16 år saman med Ragna Kolve (Voss skiskyttarlag) og Maria Haugse Rød (Hålandsdalen IL)....

Torefjellsrennet 2017 i flott vinterføre på Sjusete

Sundag 26. februar arrangerte Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb turrennet Torefjellsrennet på Sjusete i flott vinterføre. Hovudrennet som bestod av to fellesstartar (ungdom og vaksen) trakk 72 deltakarar der ein gjekk enten 5, 11 eller 25 km utifrå aldersklassar. For...

Resultat Torefjellsrennet

Resultatliste konkurranseklassar og mosjon Resultaltliste trim og langrennscross 2017

To kvemmingar på hovudlandsrenn i skiskyting

  Hovudlandsrennet i skiskyting vert arrangert i Meråker i Trøndelag denne helga. Kvam LSK har med Anders Aalvik Stranden i klassen for gutar 15 år og Hanna Børve i klassen for jenter 16 år. Under fredagens normal traff Hanna med 8 av 10 skot og enda på ein...

Kvammasprinten 2017

Laurdag 25. februar arrangerte Kvam LSK Kvammasprinten i langrenn. 82 deltakar frå 11 år og oppover frå fjern og nær deltok i prolog og finaler i tett snødrev på Sjusete. På heimebane deltok 17 utøvarar frå Kvam LSK der klubben stakk av med 11 pallplassar og 5...

Løypepreparering helga 24-26. februar

For å preparere best mogleg løyper til Kvammasprinten (laurdag) og Torefjellsrennet (sundag) vert da køyrd med tråkkemaskin til litt andre tider enn vanleg denne helga. I formiddag vart lysløypa preparert og sett med klassiskspor. I ettermiddag vart Kjosåsløypa...

Oppdatert løypestatus 23/2

Allkleiv- og lysløypa er i ettermiddag preparert med tråkkemaskin, mens Kjosåsløypa er tromla med ATV. Lysløypa er sporsett. For det meste flotte skiforhold!

Løyper torsdag 23/2

Me har sidan tysdag kveld fått rundt 20 cm våt nysnø. For å skape best mogleg løyper inn mot Kvammasprinten og Torefjellsrennet som vert arrangert i helga, så vil me venta med løypepreparering til 15-16 tiden torsdag. Dette for at løyper skal få renne av seg og fryse...

Velkomen til Kvammasprint og Torefjellsrenn 25-26. februar

For dei som har undra på om det vert Kvammasprint og Torefjellsrenn til helga, så kan me melda at me har fått 20 cm med nysnø siste døgn og me satsar på å gjennomføre begge renna. Start vinterferien med renn i Kvam! Førehandspåmelding innan torsdag kl.2359. Påmelding...

Løypestatus 22/2 kl.0900

Heile lysløypa er no preparert 🙂 Det er våt kram snø, men det snøar ❄️ framleis og dei neste dagars kulegradar får me håpe vil gi gode forhold!

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter