Eit av laga klar til start. Frå venste: Frede Gravdal, Sigmund Leigland Njaa, Mari Børve Rasmussen, Marta Mo og Torje Laupsa Mo

Avslutting for skisesongen med «Stjerner i sikte» samla fulle hus eller rett nok full skistove. Gunn Hilde Øymo og Thomas Mælen hadde stelt i stand ei krevjande stjerneorientering der laga måtte løyse 5 oppgåver. 12 lag deltok og det vart spanande og hard kamp om å finne fram til postar og ikkje minst til rette svar på oppgåvene.

Alle kom vel til mål og leverte sterke prestasjonar. Ja, ein skulle nesten tru at noko hadde brukt klister for å få ein betre klisterhjerne. Alle dei 53 ungane og like mange vaksne benka seg etter kvart i skistova. Her var det «fri-stove» og godsakene vart langa inn i høgt tempo. Det var god glid i praten og stemninga var rett og slett «høg-fluoristisk». Ein kjekk avslutting med ein stor og flott gjeng. Velkomen att til hausten og neste sesong, alle saman!

Biletkavalkade på facebook finn du her