Årets fyrste serierenn i langrenn på Sjusete går etter planen av stabelen komande måndag (13. januar). På grunn av lite snø er det ein viss sjanse for at det rennet ikkje kan gå som planlagt. Ei avgjerd omkring det blir fatta i løpet av helga, og evt. avlysingar/utsetjingar vil bli publisert på heimesida, i Spond og på Kvam LSK si Facebook-side. Datoane for serierenna i langrenn denne vinteren er fylgjande:

  • Måndag 13. januar (fristil)
  • Måndag 27. januar (klassisk)
  • Måndag 10. februar (fristil)
  • Måndag 2. mars (fristil)
  • Måndag 16. mars (klassisk). Kvammameisterskap.

Me ynskjer at flest mogleg melder seg på i minidrett på førehand (www.minidrett.no). Dette forenklar administreringa av det heile. I år kostar alle renna berre kr 100,- for medlemmer. For dei som ikkje er medlemmer kostar det kr 400,-. Medlemskap kostar kr 300,- for enkeltmedlemskap, eller kr 500,- for familiemedlemskap. Send ein e-post til kvamlsk@hotmail.com med fullt namn, fødselsdato, adresse og tlf.nr. dersom du ønskjer å melde deg inn, eller dersom du har andre spørsmål.

Alle serierenna startar kl. 18.15. Siste frist for etterpåmelding på renndagen er kl. 17.00. Sekretariatet opnar kl. 16.45.

Merk elles nyvinninga i år; ein klasse for vaksne som ønskjer å gå utan tidtaking (blir premie til dykk også 😊).

Les meir om serierenna våre her.

Velkomen til serierenn på Sjusete, når enn det måtte bli!

Finn Sjusete

Sjusetevegen 500
5600 Norheimsund

Kontakt

Facebook

Lik facebook-sida vår Kvam LSK og hald deg oppdatert på kva som skjer hjå oss.

Sjusete Skisenter