Kvam LSK ynskjer å invitere til rulleskidag på Sjusete onsdag 8. juni kl. 18.00. Dette er ein dag der alle som ynskjer det, kan prøve rulleski i trygge omgjevnader, samtidig som det er sosialt og kjekt.

Sesongen 2016/2017 er allereie i gang, og dette er ein god sjans til å starte opp med rulleskitrening. Mo Sport låner oss demo-ski, men dei som har rulleski sjølve, kan bruke desse. Me ynskjer at både foreldre og born er med!

Instruktørane denne dagen vert Sindre Gjøsæter, Ingmar Leigland Njaa og Joanna Valland. Me deler inn i grupper på løparar under 13, løparar over 13 og vaksne.

Det vert enkel servering i kafeen. Håpar mange kjem! Dette blir moro!