Kvam Lsk basar 2015_2

Stinn brakka i kantina på gymnaset – kjekt!

Kvam Lsk basaren 2015 ga ny rekord i både deltaking og i inntekter. Klubben fekk inn heile 102.160 kroner, vel 7.000 meir enn i fjor og 40.000 meir enn året før der. Me fekk vinstar frå 110 verksemder og det var meir enn 60 familiar som deltok i sal av lodd på bok på 8 «salsstader» i kommunen. På sjølve basaren sundag, 1. november, var det godt over 100 frammøtte og stuvandes fullt i kantina på gymnaset i Øystese. Me rettar ein kjempestor takk til verksemder, loddseljarar og ikkje minst basarnemda for vel utført rekordbasar!