Kvam Lsk har gleda av å inviterer til trening i haust for alle som er fødd 2007 og føre. Me har allereie starta opp treningane for dei eldste og frå neste uke utvidar me tilbodet til dei yngste. Me ber om at du meld deg på med å sende ein e-post til skikvam@gmail.com. Då veit me litt meir om kor mange som vert med. Treningsplanen finn du her Hausttrening 2015
Tilbodet til born og unge er stort i Kvam, og me veit at treningane kolliderer med fotball, skulemusikk, riding og mykje anna. Då kan det lett bli for mykje for både born og vaksne. Difor – de er velkomne til å bli med på treningane seinare i haust når t.d. fotballsesongen er slutt. Berre gje oss ein lyd i påmeldinga.
Har du spørsmål om treningane kan du ta kontakt med Thomas Mælen som er sportsleg ansvarleg i klubben på tlf 920 51043.