Løype- og parkeringskort

Medlemskap i Kvam LSK klubben 

Kvam LSK ynskjer å ha flest mulig medlemmer. Det er ikkje lenger lov med familie medlemskap so derfor har me endra prisane litt.

Hovedmedlem kr 300 og kr 50 per medlem ekstra i samme husstand, har du mulighet so meld på heile familien. 

Innmelding kan du gjera her : https://medlemskap.nif.no/SelectActivity/ParentOrChild/207780

Eller minidrett  velg:  “medlemskap” frå menyen.   søk etter ny klubb     Kvam Langrenn- og Skiskyttarklubb

 

Løype- og parkeringskort

Prisane for løype- og parkeringskort for komande sesong er:

  • Heilårskort       kr 1.000,- (tidsrom 1.11 – 31.10)

  • Dagskort          kr     100,-  (tidsrom 1.11 – 30.04)

  • Dagskort          kr     100,-  (tidsrom 1.5 – 31.10)

Det er Sjusete Skisenter og Kvam LSK som har opparbeid, utvikla og driftar parkeringsplassen og løypenettet inklusiv den nye rulleskiløypa og 3 km tur-/joggeløypa. Me jobbar dugnad for å dekkja utgiftane til drift og til aktivitet, men er heilt avhengig av inntekter frå sal av løype- og parkeringskort for å oppretthalde tilbodet. Difor vonar me om at alle har ei positiv haldning til avgifta – sommar som vinter.

NB! Betalingsautomat installert ved starten av P-plassen

No kan du betale med kort og kjøpe løype- og parkeringskort i automaten som er plassert med ein gong du kjem inn på parkeringa på Sjusete.

Løype- og parkeringskorta kan hentast på Mo Sport, Kvam Elektro eller i kaféen i Skistova i opningstida. Hugs å ta med kvittering frå automat når kortet skal hentast. Årskort eller kvittering for dagskort leggast synleg i frontruta på bilen for kontroll.

Det er óg mogeleg å kjøpe årskort kontant på Mo Sport, Kvam Elektro eller i kaféen i Skistova.