Det har no vore eit par søndagar med fint vær og full parkeringsplass. Me vil framover satsa på å ha parkeringsvakter på slike søndagar, for å sikra best mulig utnytting av plassen. Det er dessutan gjort avtale med Håvar Vik og Per Ove Sæleset om parkering hos dei, på samme vilkår som på parkeringsplassen vår, dersom det er fullt hos oss.
I høve 15 års jubileet til GBS, har Sjusete skisenter fått ei jubileumsgåve på 20000. Me vil vurdera å bruka den flotte gåva frå GBS til å betra parkeringstilhøva.