Ny sesong er allereie i gong for mange av utøverane våre. Me har freista å sy saman eit godt sportsleg opplegg for haustsesongen i Kvam LSK. Sesongen er delt opp i ein tilvennings- og ein konkurranseførebuande periode med auka aktivitet og intensitet på treningane.
Aktivitetane
Basis – variert innetrening med fokus på koordinasjon/styrke/spenst/hurtighet. Oppstart fyrste veka i september.
Fysisk – variert barmarkstrening med auka fokus på skiretta aktivitet etter kvart som sesongen nærmar seg. Oppstart ved skulestart.
Skyting/kombi – kombinasjonstrening med hovudfokus på skyting, men med innslag av styrke og/eller uthald. Oppstart ved skulestart.
Satsingsgruppa
Som i fjor har me vald å halde fram med satsingsgruppa. Tanken med er å lage eit noe utvida tilbod for dei som har vald langrenn/skiskyting som sin heilårs hovudidrett og som ynskjer å verte best mogeleg. Utøvarane vil få tilbod om ein tettare oppfølging av trenare. Gruppa vil i stor grad ha felles treningstid med ungdomsgruppa, men vil på einskilde dagar ha eit eige opplegg. I tillegg til dei oppsette fellestreningane, er det forventa at utøvarane som deltek i satsingsgruppa legg ned eigen treningar kvar veke og at dei gjennom heile året skriv treningsdagbok. Som i fjor er det Tom Halvorsen som vil ha hovudansvaret for denne gruppa. Utøvarar som ynskjer å delta i satsingsgruppa for sesongen 2013/14 må melde sin interesse til Tom Halvorsen eller Sigurd Sande innan utgangen av oktober.
Vintersesongen
Treningsplanen over gjelder fram til det er skiføre på Sjusete. Når det nærmar seg, kjem det ein ny halvårsplan for skisesongen og våren. I skisesongen vil me freiste å halde fellestreningar og serierenn på dei same dagane som dei seinare åra.
Tips og innspel
For å kunne gje eit best mulig sportslig tilbod, treng me å ha nok trenarar. Har du tips eller innspel om aktuelle trenarar eller til planen kan du ta kontakt med Thomas Mælen på tmaelen@gmail.com eller tlf 92 05 10 43.