1902269_2336_P_High_Funct_Jkt_MMe ynskjer å stå fram som ein klubb som driv idretten vår på ein sunn og profesjonell måte. Då er det ikkje likegyldig korleis me ter oss og ikkje minst kler oss og representerer klubben på trening, reise, renn og elles i kvardagen. Dessutan – ein klubbkolleksjon skapar samhald og byggjer ein positiv identitet til klubben vår. 

Sponsorane er viktige medspelarar for oss. Dei bidreg årleg med midlar og ressursar som er heilt avgjerande for at me skal kunne ha eit best mogeleg tilbod til medlemmane. Då er klubbkolleksjonen ei viktig flate for dei å vise att på. I tillegg er me så heldige at Sparebanken Vest, GBS, Botnen Entreprenør og Mo Sport har gått i lag og sponsar oss ekstra på Norrøna/Bergans ytterjakke. Dessutan sponsar klubben klubbvesten.

klubbkvelden 12. november kan du sjå nærare på den nye klubbkolleksjonen til Kvam LSK. Craft er utstyrsleverandør på treningskle, medan Norrøna og Bergans er leverandør på ytterjakkene. Nytt av året er:

  • Norrøna-jakke. Me har valgt å gå over til svart farge då det viser seg at levetida til andre farger er kort pga endring i motebilete
  • Craft konkurransedress – no kan me og tilby dette til utøvarane

I denne fila finn du bilete av kolleksjonen og prisar

2013_11 Klubbkolleksjon Kvam LSK